Krisehandtering og stabsarbeid
jan.
19.
til 20. jan.

Krisehandtering og stabsarbeid

Dette todagarskurset i regi av Inviro, gir deg praktisk og relevant kompetanse i krisehandtering – frå førebuing og organisering til handtering og oppfølging.

Du får konkrete verktøy som styrkjer beredskapen og gjer verksemda betre rusta når ei krise oppstår.

Vis arrangement →

Lovpålagt opplæring i HMS
sep.
22.

Lovpålagt opplæring i HMS

Lovpålagt HMS-opplæring for leiarar
Å ha tryggleik og eit godt arbeidsmiljø som ein naturleg del av kvardagen er både eit ansvar og ein føresetnad for gode resultat. Alle leiarar har etter arbeidsmiljølova § 3-5 plikt til å gjennomføre HMS-opplæring, og dette kurset gir deg den nødvendige kunnskapen og dokumentasjonen.

Vis arrangement →
apr.
10.

Næringskonferansen -KVELDSARRANGEMENT

Velkomen til etterarrangementet til Næringskonferansen! Dette blir ein kveld med mingling, humorinnslag og sosialt samvær. Dørene opnar kl. 1800, og vi byr på velkomstdrink og litt handmat. Kring kl. 1845 blir det eit humorinnslag før vi fortset med meir mingling utover kvelden.

For dei som ønskjer å nyte ein god middag, oppmodar vi til å kome i god tid. Kjøkkenet stenger kl. 1800, men du kan nyte ein smakfull middag frå menyen frå kl. 1600 til 1800. Vi håpar du får ein hyggeleg kveld!

Dørene til kveldsarrangementet opnar kl. 1800.

Om du skal delta berre på kveldsarrangementet send mail til: post @orsta-nk.no for billettkjøp.

Vis arrangement →
apr.
10.

Næringskonferansen

Velkomen til Næringskonferansen Søre Sunnmøre 2025 – den største møteplassen for næringslivet på Søre Sunnmøre!

Bli med på ein spennande dag med inspirerande foredrag, ein høgaktuell panelsamtale om rammevilkåra for næringslivet, globale utfordringar og tips til korleis ruste bedrifta di for framtida. Bli med på den største konferansen på Søre Sunnmøre – konferansen for nettverksbygging, inspirasjon og fagleg utvikling!

Vis arrangement →
mars
31.

BLI MED HIT

“Bli med hit i Oslo: BLI MED HIT! Oslo 2025» er eit arrangement arrangert av Molde Næringsforum, Kristiansund og Nordmøre Næringsforening, og Næringsforeningen i Ålesundsregionen. Dette er den fjerde jobbmessa dei organiserer i Oslo for å rekruttere arbeidskraft til Møre og Romsdal. Arrangementet har blitt ein etablert møteplass, og dei jobbar kontinuerleg med marknadsføring for å nå fleire deltakarar.

Vil di bedrift delta?

Vis arrangement →
mars
14.

Nettseminar: Tilskot til næring og nyskaping frå Møre og Romsdal Fylkeskommune

Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer til presentasjon av aktuelle tilskotsordningar for næringsutvikling og nyskaping i Møre og Romsdal 2025. Følgjande ordningar vil bli presentert:

  • Omstilling til framtidsretta lokalsamfunn

  • Betre tilgang på arbeidskraft med rett kompetanse

  • Skaparkraft - grøne industrielle løft

  • Skaparkraft - fornybar energi

  • Regionale tilretteleggingsmidlar i landbruket

  • Forsking og utviklingsprosjekt i bedrifter

  • Bedriftsintern opplæring (BIO) for grøn omstilling

    Registrer deg her

Vis arrangement →
Informasjonsmøte om Spring Trainee
mars
7.

Informasjonsmøte om Spring Trainee

Er di bedrift på jakt etter ein ressurs med ny kunnskap, ei ny vinkling og ny giv?

Spring Trainee rekrutterer no bedrifter til eit nytt kulle med Spring Trainee. Over 70 nyutdanna unge drøymer om ei karriere her på Søre Sunnmøre. Kan dette vere noko for di bedrift?

Få med deg informasjonsmøte på Teams om muligheitene. Få med deg informasjonsmøtet på Teams!

ℹ️

Vis arrangement →
Lysfest
nov.
10.
til 11. nov.

Lysfest

Lysfesten har vorte eit årevisst arrangement som markerer starten på førjulstida.

Vi inviterer både tidlegare deltakarar og nye som har lyst til å vere med å skape god stemning i sentrum om å melde si interesse. Vi oppmodar lag og organisasjonar til å underhalde, selje lodd eller anna under lysfesten.

Vi håpar også at nærmatprodusentar mm. vil stille med standar/salsboder i området gågata-Alti. Det er gratis å ta del i arrangementet, og vi ønskjer at flest mogeleg deltek begge dagane.

Oppstilling av stand:

Fredag kl 1400-1900

Laurdag frå kl 1000-1500

Lysfesten blir opna frå scena ved kunsthuset fredag den 10. november frå kl 1700.

Påmeldingsfrist: 1. november

Ta kontakt med Odd Magne Vinjevoll tlf 906 15 145/ omv@orsta-nk.no

Foto: Eilev Mo

Vis arrangement →