Tilbake til alle arrangementer

TEKNOILOGI TIL FRUKOST

  • TIK Cafè & Restaurant Vikegata 11 Ørsta 6150 Norge (kart)

Ørsta Næringskontor inviterer til frukostmøte i samarbeid med Tussa IKT, Twoday og Wattn til eit lærerikt frukostmøte.

💡I ei tid med raske endringar og nye lovkrav, har teknologi vorte eit viktig fundament i forretningsstrategien. På dette frukostmøtet får du høyre korleis verksemda di kan utnytte moglegheitene som ligg i teknologi, kunstig intelligens og maskinlæring – for å skape verdi, sikre kontinuitet og styrke konkurransekrafta.

🤝Gjennom konkrete døme frå Tussa IKT, Twoday og Wattn får du innsikt i korleis bedrifter kan ta kontroll over eigne data og informasjonssikkerheit, og korleis fleksible, skalerbare skyløysingar kan bidra til betre og meir effektive arbeidsprosessar.

⚡️I tillegg vil Wattn snakke om kraftmarknaden og bruk av kunstig intelligens – korleis ny teknologi gjer det mogleg å forstå, sjå føre seg og optimalisere straumforbruk og energiløysingar.

MELD DEG PÅ HER

Forrige
Forrige
7. november

Fabelaktig fredag

Neste
Neste
16. januar

ØRSTAKONFERANSEN landbruk - lokalmat - reiseliv