ØNK er engasjert i fleire arbeidsgrupper, prosjekt og lokale inititativ for utvikling og innovasjon.

  • Formueskatt

    Formueskatt

    Ørsta Næringskontor støttar kampen mot eigedomsskatt på arbeidande kapital.

    • Ein kamp mot statleg beslaglegging av kapital frå norsk næringsliv

    • Ein skatt som favoriserer utanlandske interesser, og svekkjer norsk eigarskap

    • Som blir innkravd uavhengig av overskot eller underskot

    • Som rammar dei små og mellomstore bedriftene ekstra hardt

    Går rettens veg

    Initiativtakar Lars Oscar Øvstegård vil no gå rettens veg ved å stemne Staten for å avklare om den norske formueskatten bryt med menneskerettane og grunnlova. Ved å lyfte opp denne skattesaka tek Øvstegård kampen på vegne av alle dei små og mellomstore bedriftene som kjempar ein dagleg kamp mot ein urettferdig og totalt feil rigga skatt som undergrev berekrafta i norske bedrifter.

    Lars Oscar Øvstegård vil saman med samarbeidspartnarar starte ei innsamling av pengar for å kunne ta saka inn i rettssystemet for å få kjent formuesskatten ulovleg.

    Advokatane Carl Baudenbacher, lengstsittande president i EFTA-domstolen og den kjende jussprofessoren ved universitetet i Oslo, dr. Mads Andenæs vil føre saka.

    Lars Oscar har no starta ein spleis for å dekkje kostnadane med rettssaka.

    BLI MED PÅ SPLEISEN-DITT BIDRAG TEL!

    Spleis

  • Handel og industri

    Ørsta har det største handelssenteret på Søre Sunnmøre. Det er stor vekst i handel- og servicenæringa. Det betyr at det er like mange arbeidsplassar i desse to næringane. I tillegg har bygdebyen lange tradisjonar som industristad og ein var tidleg ute med å etablere både møbel- og tekoindustri. Dette skjedde tidleg på 30 talet. Seinare har det også vore ei sterk etablering innan annan industri , som til dømes stål og plastproduksjon.

    Sentrumsutvikling

    Vi arbeider kontinuerleg saman med handelsstanden for sentrumsutvikling og auka handelsaktivitet.

    Næringskontroet samarbeider med sentrumsbutikkane om ulike salsfremjande aktivitetar i sentrum.

    Næringskontoret har sekretærfunksjon for grupperinga “Sentrumsbutikkane» og Alti med faste møte kvar månad.

  • Bygg og anlegg

    Bygg og Anleggsgruppa Ørsta/Volda er ei forening med formål å fremje utvikling av ei konkuransedyktig bygg og anleggsnæring. Gruppa arbeider for betre rammevilkår og tek initiativ til samarbeidstiltak som vil styrke Bygg og Anleggsnæringa.

    Gruppa arbeider i tett samarbeid med Ørsta Vidaregåande Skule, bygg å anleggslina, med målsetting om å auke søkjartalet til Ørsta vidaregåande skule. Skulen har tidlegare hatt prøvedagar og anleggsdagar for å vise praktiske ting, men det er heilt nytt at vi no tek med oss elevane ut ein dag for å vise dei kva som skjer på ein byggjeplass, seier Einar Holsvik, leiar i BA-gruppa Ørsta/Volda.

  • Skule og Næring

    Ungt entreprenørskap er eit samarbeid mellom kommune, fylkeskommune, næringsliv og næringskontoret. Prosjektet skal bidra til at elevane i grunnskule og vidaregåande skule får vere med på å utvikle eigne idear gjennom innovasjon og gründerskap. Gründercamp er ein del av prosjektet.

    Næringskontoret samarbeidar også med bedrifter og vidaregåande skule for å styrke talet på lærlingplassar.

  • Foto: Widerøe

    Samferdsel

    Næringskontoret arbeider for at næringslivet skal ha eit godt flyrutetilbod. ØNK har sekretærfunksjon i utviklingsforum Ørsta/Volda Lufthamn Hovden.

    Gode logistikkløysingar for veg, fly, buss og båt er viktig for næringslivet i regionen. Vi er engasjerte pådrivarar for gode skilt- og trafikale løysingar.

  • Hoppid.no

    Ørsta Næringskontor har ansvaret for drift av kommunen sitt Hoppid-kontor. Hoppid er ei fyrstelinjeteneste for nyetablerarar i regi av fylkeskommunen. På Hoppid-kontora får ein som gründer råd i etableringsfasen, samt hjelp i søkjeprosessar og til nettverksbygging.

    Les meir

  • Sentrumsutvikling

    Vi arbeider kontinuerleg saman med handelsstanden for sentrumsutvikling og auka handelsaktivitet.

    Næringskontoret har sekretærfunksjon for grupperinga “Handel i Ørsta”.

  • Reiseliv og bulyst

    ØNK jobbar med å utvikle reiselivet i Ørsta og Volda. Gjennom det 3-årige masterplanprosjektet med produktutvikling for reiselivet i Hjørundfjorden/Ørsta har ein hatt som føremål å skape fleire heilårs arbeidsplassar og auke verdiskapinga i reiselivet. Dette har vore eit samarbeid mellom Ørsta Kommune, Fylkeskommune, Destinasjon Ålesund og Sunnmøre og ØNK som har gjennomført.

    Eit utspring frå dette er dei lokale reiselivsaktørane som har sett ned ei styringsgruppe beståande av representantar frå begge kommunane Målsetnaden er ei felles vidareutvikling av reiselivet.

    Styringsgruppa sitt ønskje er å få etablert eit digitalt oppslagsverk som inkluderer alle aktørane og tilbod som fins i området vårt. Dette skal fungere som eit digitalt “utstillingsvindu” både for reiselivsaktørane, turistane og for å fremje bulyst og tilflytting til kommunane vår.

  • Sam Carter Unsplash

    Landbruk

    Ørsta Næringskontor har over fleire år arbeidd saman med både landbruksorganisasjonar og utstyrsleverandørar til landbruket. Saman har vi arrangert store landbruksmesser der alle lokale og nokre nasjonale aktørar har stillt ut sine landbruksmaskiner og anna relevant utstyr. Samstundes har det også vore arrangert landbrukskonferanser der landbruksnæringa har sett agenda og tema. Dette har vore ein attraktiv møteplass for landbruksnæringa, og ein plass der ein vil diskutere utfordringar i næringa og prøve å påverke politikarar og styremakter til ein bedre landbrukspolitikk for vestlandsbonden. Konferansene har vore ein attraktiv sosial møteplass for bønder i heile Sunnmørs-regionen.

Saman skaper vi vekst

Stiftinga Ørsta Næringskontor vart etablert i 1998. ØNK vil vere ein aktiv pådrivar for konkurransedyktig infrastruktur og regional næringspolitikk. Vi vil bidra til ei styrking og synleggjering av næringslivet, og arbeide for å utvikle samarbeidet mellom skule, utdanningsinstitusjonar og næringsliv i vår region.                                                                                                                 

Stiftinga er ikkje profittbasert, og er eit uavhengig interesse- og samarbeidsorgan for næringsliv og institusjonar i Ørsta-regionen. Drifta av Ørsta Næringskontor er i hovudsak finansiert med kontingent frå 100 medlemsbedrifter og eit årleg tilskot frå Ørsta kommune.

Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål.

 

Festivalar og arrangement

  • Foto: ØNK

    Hjørundfjord Mat og Kulturfestival

    Festivalen blir arrangert mellom siste helga i august og fyrste helga i september. Arrangementa blir gjennomført ulike stadar i Hjørundfjorden. Det kan vere kulturvandringar, salsboder med lokalmat og produkt, underhaldning, debattar og konsertar.

    Les meir:

  • Naturfestivalen og Saudehornet rett opp

    Festivalen vart arrangert for fyste gong i 2006 og har sidan vakse og vorte endå meir innhaldsrik. På programmet finn ein aktivitetar både for store og små. Saudehornet rett opp og Romedalscamp er nokre av dei årevisse aktivitetane.

    Les meir

  • Foto: Knut Hustad

    Landbrukskonferansen

    Landbrukskonferansen blir arrangert på Ørsta Kulturhus i februar. Dette er ein møteplass der informasjon om bransjen, utvikling, erfaringsutveksling, diskusjon og nettversbygging står sentralt. Omstilling, lønsemd og bærekraft kan vere nokre av temaene på Landbrukskonferansen 2022.

    Her vil også vere representantar/standar frå opplæringskontor, landbruk- og skogorganisasjonar og forsikringsselskap.

    Det blir naturlegvis matservering.

  • Foto Tind Media

    Næringskonferansen

    Konferansen er den største møteplassen for næringslivet på Søre Sunnmøre. Vi kan by på lokale, nasjonale, internasjonale dagsaktuelle mennesker. Dei har lang fartstid innan næringsliv, talentutvikling, leiarskap og underhaldning. Vil vil få høyre om desse personane sine erfaringar med å etablere, utvikle og styre bedrifter der krav til kompetanse, leiarskap og entusiasme har vore nøkkelen til suksess.

    Les meir