Tilbake til alle arrangementer

ØRSTAKONFERANSEN landbruk - lokalmat - reiseliv

  • Ørsta kulturhus 7 Holmegata Ørsta, Møre og Romsdal, 6153 Norway (kart)

Velkomen til Ørstakonferansen 2026

Landbruk – Lokalmat – Reiseliv

Landbrukskonferansen har no vorte Ørstakonferansen - ein møteplass for alle som er engasjert i landbruk, lokalmat og reiseliv. På konferansen byr vi på eit spenstig program med både inspirerande foredrag og ein engasjerande sofasamtale, der deltakarane får innblikk i erfaringar, idear og nye perspektiv.

Konferansen handlar om korleis næringar kan styrke kvarandre, dele erfaringar og utvikle nye moglegheiter for verdiskaping i regionen. Det blir fagleg påfyll, konkrete tips og ein arena der ein kan knyte kontaktar på tvers av bransjar.

Som tidlegare år, vil Ørsta vidaregåande skule, Restaurant- og matfag, stå for ein smakfull lunsj med lokale råvarer.

Dette er dagen for å bli inspirert, lære noko nytt og møte andre som brenn for landbruk, lokalmat og reiseliv – frå fjord til fjell, frå jord til bord.

Program og påmelding her

Forrige
Forrige
20. november

TEKNOILOGI TIL FRUKOST

Neste
Neste
19. januar

Krisehandtering og stabsarbeid