Kor godt budd er verksemda di når noko uventa skjer?
Volda Næringsforum og Ørsta Næringskontor set beredskap på dagsorden torsdag 3. september.
På Beredskapsseminaret for næringslivet får du ei brei og praktisk innføring i kva som skal til for å stå betre rusta når krisa først oppstår.
Vi samlar perspektiv frå IKT, bank, helse, politi og kommunikasjon, og du får mellom anna:
konkrete døme på korleis bedrifter jobbar med beredskapsplanane sine
innblikk i korleis helsevesenet øver på ulike krisescenario
kunnskap om kva du bør tenkje på i di eiga verksemd
innsikt i kva som blir forventa av næringslivet når samfunnet blir sett på prøve
perspektiv på næringslivet sitt samfunnsansvar i ein krisesituasjon
Dette handlar ikkje berre om planar i ein perm. Det handlar om menneske, drift, omdømme og evna til å halde hjula i gang når det uventa skjer.
👉 Meld deg på i dag – her blir det fullt hus!
Påmelding:
Ta med deg leiarar og nøkkelpersonar frå verksemda di, og bruk ein dag på å bli betre førebudd på det som kan skje.
Vi håpar å sjå deg på seminaret!
Foto 1: Volda sentrum av Erlend Sporstøl Vikestrand, foto 2: Ørsta frå Lidaveten av Ingvild Marie Taraldset.