Opplev smaken av Hjørundfjorden når Hjørundfjord Mat og Kultur fyller Sæbø med lokalmat, handverk, kultur og gode opplevingar. Her kan du møte lokale produsentar, smake på kortreist mat, oppdage tradisjonshandverk og oppleve levande kultur i vakre omgjevnader.
Arrangementet er ein møteplass for store og små, der lokal verdiskaping, mattradisjonar og kulturliv står i sentrum. Enten du kjem for å handle, smake, lære eller berre nyte stemninga, ventar ein innhaldsrik dag med aktivitetar og opplevingar for heile familien.
Set av laurdag 5. september og bli med på ei feiring av det beste Hjørundfjorden har å by på.
Restaurant og matfag ved Ørsta vidaregåande skule stiller med smaksprøver av tradisjonsmat. Kanskje får du smake rømmeringe, dravle eller andre rettar som tidlegare var ein naturleg del av kosthaldet og matkulturen i Hjørundfjorden.
Vår sponsor SPAREBANKEN MØRE stiller også med stand. MaskotenTare kjem for å møte borna.
🎤 Program
Kl. 11.00 - 11.05 – Opning av marknadsdag!
Frå kl 11.15 - Grilling av pinnebrød for borna ved Mjøl og Meir (gratis)
Kl. 11.30 – Åmdalskoret Berre damer (frå scena) 2 songar
Kl. 12.00- 12.08 – Frå mjølk til smør – slik gjorde dei det før
Stein Brubekk, Brubekken gardsmeieri
Kl. 12.35–12.43 Mjøl & Meir v/Linda – ei ny verksemd med eit viktig mål
Kl. 15.30 Marknaden stenger
Mjøl & Meir
Opningstid kl 09.00-16.00.
Sal av rømmegraut og spekemat frå Samundegarden frå kl 11.30 - 15.00
Bålpanne og grilling av pinnebrød for barna kl 11.15 - 15.00
🍴 Lokalmat og drikke
Ørsta VGS, restaurant- og matfag – smaksprøver av tradisjonsmat
Melchiorgarden – kjøtprodukt av geit og produkt av frukt og bær
Brubekken gardsmeieri – ost og rømme
Samundegarden – egg, spekepølse m.m.
Løvolds Røykeri – heimerøykt bacon
Torghandel AS – smultringar
Bondalen Grendalag – kaker
Frøysagarden – røykalaks m.m.
Urtemanufaktur – urteprodukt
Karin Meidal – lefser
Hovdenakk Hjort – hjorteburger og hjorteprodukt
Muren kaffibrenneri – nybrent kaffi
Einar Tore Bjørlykke – honning og bieprodukt
Liset Gard – nybakt surdeigsbrød og produkt av grønsaker og bær frå garden
Lindas Bakehjørne
Brudevoll bieprodukt - honning
Bakerinnå AS - steinovnsbakte brød og kaker
Tine - smaksprøver
Volda og Ørsta Bryggarlaug
🧶 Handverk og lokale produkt
Annlaug Stokke – flettakorger og andre produkt av pil
Line Leknes – heklaprodukt
Laila Morken – smykke, skinnvesker og perlebroderi
3 jenter – makronar og handverksarbeid
Kristine Nesbakk - barne- og babykle og luer til vaksne og barn.
Maribell og Kanutte, hekla kosebamsar og nøkkelringar i eppoxy
Anders Hustadnes - småved
Nilsbuda held ope – handverk
Stig Bergmann - knivar
🍕 Mat og servering
Mjøl og Meir – mykje spennande på menyen
Sæbø DS Ekspedisjon – napolitansk pizza
Emil van Emden – thaimat frå Sæbø
❤️ Lag og organisasjonar
LHL - tombola
Foto: ØNK
Foto: ØNK
Foto: ØNK