Vil du vise fram di bedrift og samtidig bidra til å lyfte fram Ørsta og Søre Sunnmøre som ein attraktiv stad å leve, bu og skape karriere?
Då er jobbmessa BLI MED HIT! den perfekte arenaen for deg.
På messa får de moglegheit til å:
✅ Presentere bedrifta dykkar og rekruttere nye medarbeidarar
✅ Synleggjere regionen som ein framtidig arbeidsplass og god stad å bu
✅ Skape relasjonar med potensielle tilflyttarar og fagfolk som er nysgjerrige på kva vår region kan tilby
Arbeidslivet i Møre og Romsdal treng stadig ny kompetanse. Mange kjenner kanskje litt til at vi har spektakulær natur, eit bra kulturliv og elles mykje å by på – men ikkje alle veit om dei spanande jobb- og karrieremoglegheitene. Her kan di bedrift vere med å fortelje historia og inspirere fleire til å finne sinye «heimebane» i Ørsta/Søre Sunnmøre.
👥 Jobbmessa legg til rette for gode møte mellom bedrifter og deltakarar, med gratis inngong, lett servering og rikeleg rom for mingling og samtale.
👉 Meld på di bedrift, og bli med på å setje Ørsta/Søre Sunnmøre på kartet som ein region for framtida!