Tilbake til alle arrangementer
Har du ein draum eller idé om å utvikle noko på garden din?
No kan du vere med på Garden som ressurs del 2 som er ope for alle interesserte.
Her får du møte verkemiddelapparat som kommune, hoppid og Innovasjon Noreg. Dei vil fortelje om sine ordningar, tilskot og moglegheiter.
Møre og Romsdal fylkeskommune og Statsforsvaltaren si satsing "Garden som ressurs" har som mål å stimulere til auka samarbeid og engasjement hjå aktørar som brukar garden som ressurs. Møtet skal bidra til å lyfte fram dei som går med tankar om å utvikle noko på eigen gard og bidra til kontakt med støtteapparatet.
Prosjektet «Garden som ressurs», har som mål å stimulere til auka samarbeid og engasjement mellom lokale grûndarar.
For meir informasjon og påmelding, sjå her