Tilbake til alle arrangementer

Kurs i strategisk historiefortelling for bedrifter


  • Quality Hotel Waterfront 25 Nedre Strandgate Ålesund, Møre og Romsdal, 6004 Norway (kart)

Det digitale landskapet har endra seg. Tradisjonell marknadsføring har ikkje lenger same slagkraft som før. Samstundes ser vi at fleire verksemder ønskjer å ta regien sjølve framfor å setje bort all innhaldsproduksjon til byrå.

Vi har utvikla eit intensivt to-dagars kurskonsept spesielt for deg som vil ta ansvar for eigen kommunikasjon. Vi hjelper deg med overgangen frå tradisjonell marknadsføring til strategisk historieforteljing – slik at merkevara di får eit særpreg som skaper ekte tillit.

På dette intensive to-dagars kurset lærer du korleis du kan bruke strategisk historieforteljing til å styrkje merkevara di, skape tillit og bli hugsa av målgruppa di.

Du får innsikt i:
✓ korleis du finn og formidlar di merkevarehistorie
✓ tone of voice og visuell identitet
✓ innhaldsproduksjon for sosiale medium
✓ foto, video og tekst som engasjerer
✓ smart bruk av KI og verktøy som Canva
✓ kreativ prosess

Kurset kombinerer inspirasjon, metodikk og praktisk arbeid, slik at du faktisk reiser heim med ei tydelegare merkevarehistorie og konkrete verktøy du kan bruke vidare.

---

Dette er første gong vi tilbyr kurset, som betyr at du kan bli med til ein svært gunstig pilotpris:

Earlybird: Kun 5 800,– (Rabatten blir lagt til automatisk ved bestilling, etter at du har valt antal billettar)
Standardpris: 7 800,- (Gjeld frå 1. april).

Det er 17 earlybird-plassar, og rabatten gjeld til 31. mars – eller til plassane er utselde.

Les meir og meld deg på her: https://www.jodamedia.no/kurs-i-strategisk...

Meld deg på direkte: https://event.checkin.no/.../kurs-i-strategisk...

---

Kurshaldarar

Josefine Spiro – prisvinnande journalist, fotograf og dagleg leiar i JoDa Media.

Liisa Mänd – grunnleggjar av Pinea Studio, spesialist på merkevarebygging og visuell identitet.

Daniel Spiro – fotograf, filmregissør og produsent i JoDa Media.

Velkomen til to inspirerande dagar med kurs i strategisk historieforteljing for bedrifter.

Sjå arrangement her

Forrige
Forrige
5. mai

Næringstreff om inkluderande arbeidsliv

Neste
Neste
28. mai

Garden som ressurs 2.0 del 1 av 3