Tilbake til alle arrangementer

Næringstreff om inkluderande arbeidsliv

  • Millenium Cowork 89 Strandgata Hareid, Møre og Romsdal, 6060 Norway (kart)

Næringsliv og kommune treng fleire tilsette med rett kompetanse i åra som kjem. Samstundes står mange utanfor arbeidslivet. Korleis kan vi samarbeide for å møte behovet for arbeidskraft og få fleire menneske inn i arbeid?

Denne dagen kjem mellom anna statistikksjef i NAV, Ulf Andersen, til Millennium Cowork på Hareid. Han er ein veldig dyktig formidlar, som ved hjelp av statistikk vil fortelje oss om kvifor vi må tenke meir inkluderande i rekrutteringsprosessar framover. Lene Trude Solheim, regiondirektør i NHO Møre og Romsdal, vil halde innlegg om arbeidsinkludering frå NHO-perspektiv, og Marthe Longva Strandbakken vil dele nokre erfaringar frå sin jobb som HR/QHSE-koordinator ved Larsnes Mek. Versted AS. I tillegg får vi fleire innlegg med konkrete verktøy ein kan bruke i rekrutteringa.

Påmelding her



Forrige
Forrige
29. april

Årsmøte i Stiftinga. Ørsta Næringskontor

Neste
Neste
28. mai

Kurs i strategisk historiefortelling for bedrifter