Tilbake til alle arrangementer

Praktisk og lavterskel SoMe-kurs med Nydal Marketing

  • Stiftelsen Ørsta Næringskontor 18 Ivar Aasen-gata Ørsta, Møre og Romsdal, 6150 Norway (kart)

Ørsta Næringskontor tilbyr no eit praktisk og lavterskelkurs i sosiale medier som blir halde av Nydal Marketing. Kurset gir deltakarane ei forståeleg og hands on innføring i korleis ein kan jobbe smart, bevisst og effektivt med sosiale medier utan å gjere det komplisert.

Kurset er retta mot verksemder og organisasjonar som ønskjer betre synlegheit, større rekkevidde og ein meir strukturert kvardag i sosiale kanalar.

Dette inneheld kurset:

Med atterhald om mindre endringar.

✔ Kvifor sosiale medier er viktig.
Synlegheit, algoritmar, målgrupper og kva som faktisk gir effekt.

✔ Profil og bio.
Korleis gjere profilen tydeleg, profesjonell og strategisk.

✔ Trendar og utvikling.
Kva fungerer no og kva er i ferd med å endre seg.

✔ Plattformval og strategi.
Kva kanalar de bør prioritere og korleis jobbe målretta over tid.

✔ Innhaldsproduksjon i praksis.
Konkrete tips til bildekarusellar, video og Reels.

✔ Tekst og kommunikasjon.
Korleis skrive kort, tydeleg og engasjerande.

✔ Planlegging og struktur.
Korleis lage ein enkel innhaldsplan og jobbe meir effektivt.

✔ Tips, triks og nyttige verktøy.
Smarte snarvegar, nyttige verktøy og gode inspirasjonskjelder.

✔ Spørsmål og individuell rettleiing.
Praktisk gjennomgang og hjelp undervegs.


Pris
Kr 1 000,- for medlemmar av ØNK.
Kr 1300,- for ikkje medlemmar.
Inkluderer enkel servering.


Påmelding

Forrige
Forrige
11. februar

Frukostmøte: Rett struktur - rett skatt

Neste
Neste
4. mars

BLI MED HIT! Oslo 2026