Fabelaktig Fredag 2026
Fabelaktig Fredag er ein møteplass for jobbsøkjarar og arbeidsgjevarar – med inspirasjon, nye møte og moglegheiter i sentrum.
Dagen startar med eige program for jobbsøkjarar, før dørene opnar til jobbmesse med bedrifter som har behov for arbeidskraft no eller i nær framtid. Seinare på dagen blir det eige fagleg program for arbeidsgjevarar.
Program
Kl. 09.30 – Dørene opnar
Kl. 09.45–ca. 12.00 – Program for jobbsøkjarar
Kl. 12.00–14.00 – Jobbmesse
Møt bedrifter som har rekrutteringsbehov no eller i nær framtid. Her får arbeidssøkjarar høve til å ta direkte kontakt med bedriftene, bli betre kjende med arbeidslivet i regionen og høyre meir om aktuelle jobb- og karrieremoglegheiter.
Kl. 14.30–ca. 17.00 – Program for arbeidsgjevarar
Det blir mellom anna:
Sofaprat med arbeidsgjevarar, NAV, Furene AS, Ann Helen frå Vik Ørsta og Leon Romestrand frå MOT.
Cecilie Eriksrud snakkar om korleis arbeidsgjevarar kan kommunisere med og forstå generasjon Z.
Kjetil Krogstad inspirerer til å tore, våge og feile, by på seg sjølv og vere seg sjølv. Han er også konferansier og leier oss gjennom dagen.
Utdeling av juryprisar
Fabelaktig Fredag skal skape møte mellom menneske, arbeidsliv og nye moglegheiter – anten du er på jakt etter jobb, nye medarbeidarar eller inspirasjon til korleis arbeidslivet kan bli endå meir inkluderande.
Påmeldingslenker:
Påmelding jobbmesse (For bedrifter med arbeidskraftbehov)
Fabelaktig fredag Søre Sunnmøre - jobbmesse – Fyll ut skjema
Påmelding ettermiddagsprogram for arbeidslivet (Program for alle arbeidsgivarar)
Fabelaktig Fredag Søre Sunnmøre - for arbeidslivet – Fyll ut skjema