Torsdag 15. oktober inviterer Ørsta Næringskontor, Volda Næringsforum og SpareBank 1 SMN næringslivet til gratis frukostmøte.
Statsbudsjettet for 2027 er lagt fram. Kva betyr det for næringslivet, og kva kan vi vente oss framover?
Vi ser nærare på:
• Korleis blir statsbudsjettet, og kven må betale?
• Blir det noko av skatteforliket?
• Kven får gjennomslag på Stortinget?
• Kva konsekvensar får statsbudsjettet for næringslivet?
• Kva kan næringslivet vente seg framover?
Det blir faglege innlegg, politiske vurderingar og diskusjon, med høve til å stille spørsmål frå salen.
Program
08.00 – Oppmøte og frukost
08.30 – Programstart og introduksjon v/Fredric
08.35 – Skattereform
Innlegg v/Nicolay Vold, partner og advokat i Wiersholm
08.55 – Statsbudsjettet 2027 – konsekvensar for næringslivet
Innlegg v/Fredric
09.05 – Politisk analyse
Kort innlegg v/Bjarte Folkestad, professor og valforskar
09.15 – Samtale og diskusjon
Nicolay Vold, Bjarte Folkestad og Bjørdal diskuterer statsbudsjettet, skattepolitikken og utsiktene framover. Det blir også opna for spørsmål frå salen.
10.00 – Avslutning
Arrangementet er gratis.