Inspirasjonssamling for lokalmat og reiseliv

Reiselivet i Møre og Romsdal er i vekst og mat spelar ei stadig viktigare rolle. Under samlinga på Quality Hotel Waterfront i Ålesund vart det klart at lokalmat ikkje lenger er eit tillegg til opplevinga, men ein sentral del av konkurransekrafta vår. Skal vi ta ut potensialet, må produsent, grossist og restaurant knytast tettare saman.

Konferansier Vegard Botterli i samtale med sjefskokk ved Juvet Landskapshotell, Christopher Schønefeld. Foto: Anniken Fure Stensrud ‍ ‍‍ ‍

Lokalmat, reiseliv og verdiskaping – sterkare saman

Det var fullt fokus på framtid, samarbeid og verdiskaping då aktørar frå heile mat- og reiselivsnæringa samla seg på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Gjennom innlegg, panelsamtalar og konkrete døme frå bransjen vart eitt bodskap ståande att: Lokalmat er ikkje berre mat – det er identitet, reisemotiv og økonomisk kraft.

Reiselivet veks – og forventningane aukar

Reiselivet i Møre og Romsdal er i vekst. Tal frå SSB viser 1 881 909 kommersielle overnattingar i 2025 – ein auke på 3 prosent frå året før. Den sterkaste veksten kjem frå utanlandske gjester.

Turistundersøkinga 2025 stadfestar ei tydeleg utvikling:

  • Fleire reiser for matopplevingar

  • Utlendingar ønskjer større tilgang på lokal mat på restaurant

  • Dei som er opptekne av mat, er også meir nøgde – og legg att meir pengar.

Samstundes viser undersøkinga at mange gjester ønskjer meir lokal identitet, fleire lokale produkt og sterkare kopling mellom mat, kultur og stad. Det gir ei klar retning: Skal vi styrke reiselivet, må vi styrke lokalmattilbodet.

Reiselivssjef, Visit Nordsvest Torunn Dyrkorn. ‍ Foto: Anniken Fure Stensrud ‍

Verdiskaping i milliardklassen

Reiselivet i fylket skaper store verdiar. Samla verdiskaping frå reiselivet i Møre og Romsdal ligg på over 4,3 milliardar kroner, der serveringsverksemd åleine står for nær 1 milliard kroner.

Når meir av råvarene er lokale, aukar ringverknadene i regionen. Då blir kvar tallerken ein del av eit større verdiskapingssystem.

Florian Harnisch, Storfjord Hotell, Kristine Skarbø, Skarbø gard og xx frå Spesialgrossisten. Foto: Anniken Fure Stensrud

Restaurantane vil – men treng betre oversikt

Eit tydeleg signal frå restaurantane var at dei ønskjer å bruke meir lokalmat. Gjestene spør kvar maten kjem frå. Dei vil vite kven som står bak produkta. Historiene betyr noko.

Samstundes peikar fleire på utfordringar:

  • For lite oversikt over produsentar

  • For svak kopling mot innkjøpssystem

  • Distribusjon som ikkje alltid fungerer optimalt

For å kunne vidareutvikle potensialet trengs betre struktur.

Heile verdikjeda må lyftast

Kompetanseutvikling i heile verdikjeda vart lyfta fram som avgjerande – frå fiskar og produsent, via grossist, til restaurant og forbrukar.

Når alle ledd har:

  • betre kunnskap

  • betre samarbeid

  • betre system for distribusjon

Då får vi både høgare kvalitet, større variasjon og betre lønsemd.

Nettverk som drivkraft

Initiativ som Smak av kysten, Smak frå vest og Matarena spelar ei viktig rolle i å samle kreftene gjennom:

  • fagleg påfyll

  • møtestadar

  • utviklingsprosjekt

  • konkrete samarbeidsmodellar

Det gjer terskelen lågare for å komme inn i HoReCa-marknaden (Hotell, restaurant og catering).

Prosjektet «Oppskrift for meir lokalmat – vegen inn i HoReCa» er eit konkret døme på korleis ein testar nye modellar for samarbeid mellom produsent, grossist og restaurant.

Målet er enkelt – men krev system:

Fleire lokale produkt inn på menyen.

‍ ‍ Foto: Anniken Fure Stensrud

Festivalane som motor

Bergen Matfestival og Norsk Siderfestival vart lyfta fram som kraftfulle møteplassar for synlegheit, stoltheit og marknad.

Her møtest:

  • produsent og publikum

  • kokk og råvare

  • reiseliv og mat

Slike arenaer byggjer kompetanse, relasjonar og marknad – og skaper nye moglegheiter for produsentar.

Samarbeid på tvers av regionen

Eit viktig poeng gjennom heile programmet var behovet for samarbeid på tvers av Vestlandet og Fjord Norge-regionen.

Når regionen står samla:

  • blir gjennomslagskrafta større

  • blir merkevara sterkare

  • blir eksportpotensialet tydelegare

Åleine er ein liten. Saman er vi ein region.

‍ ‍ Foto: Anniken Fure Stensrud

Vegen vidare

Programmet i Ålesund synte at viljen er stor – både hos produsentar, grossistar og restaurantar. Gjestene ønskjer meir lokalmat. Restaurantane ønskjer fleire produsentar. Produsentane ønskjer betre marknadstilgang.

Oppgåva no er å bygge strukturar som gjer det enkelt å samarbeide, for når lokal mat, reiseliv og kompetanse blir kopla tettare saman, skjer det noko:

  • Vi skaper ekte opplevingar.

  • Vi styrker lokal beredskap.

  • Vi aukar lønsemda.

Og vi byggjer opp Vestlandet for framtida – ein tallerken om gongen.

Kjøkkensjef ved dei to Quality-hotella i Ålesund, Karlis Veide. Foto: ØNK

‍ ‍ Foto: Anniken Fure Stensrud

‍ ‍ Foto: Anniken Fure Stensrud

Foto: Anniken Fure Stensrud

Foto: Anniken Fure Stensrud

Foto: Anniken Fure Stensrud

Foto: Anniken Fure Stensrud

‍ ‍ Beate Langeland Mork, Ørsta vgs. og Karen Rekkedal, Rekkedal Gjestegard. Foto: ØNK

Det vart servert lokalmat frå Møre og Romsdal, mellom anna lammekjøt og kjøt frå Dexter levert av Samundegarden i Bjørdalen.Dexter-kjøt er ein liten, irsk ferase kjend for å levere finmarmorert, saftig og særs mørt storfekjøt av høg gourmetkvalitet. Foto: Beate Langeland Mork ‍








Forrige
Forrige

Evaluering av yrkesglød

Neste
Neste

Høyringssvar – statlege kjøp av regionale flyruter i Sør-Noreg