Evaluering av yrkesglød

Ørsta vgs. og Ørsta Næringskontor har besøkt 9. trinn på Sæbø, Vartdal og Ørsta ungdomsskule, for å evaluere YRKESGLØD som vart arrangert den 26.11.2025, og som er ein del av prosjekt Samfunnskontrakten. Yrkesglød er ein møteplass der ungdomsskuleelevar får møte lokale bedrifter og fagfolk, og bli kjende med dei yrkesfaglege utdanningsprogramma ved Ørsta vidaregåande skule. Målet er å gi elevane innsikt i moglegheitene innan yrkesfag – og kanskje tenne ein gnist for framtidige yrkesval.

Yrkesglød samla 133 niandeklassingar og 25 bedrifter og knyter saman dei yrkesfaglege utdanningsprogramma Ørsta vidaregåande skule tilbyr.Elevane svara skriftleg (100 av 133 stk totalt) - kontaktpersonane på dei tre skulane gjennom munnleg samtale. 

Elevane både hugsa dagen, og reflekterte over den. Det var få (nesten ingen) direkte negative tilbakemeldingar.  

Det var gjennomgåande positive opplevingar til korleis elevane følte seg sett og ettertrakta av bedriftene, med gode forklaringar om moglegheitene dei har innan dei ulike fagområda.  

Ein skriv: Kjekk prat med fagfolk!  Start med dette på 8-trinn! 

Ein annan skriv: Gøy! Masse lærdom - gode forklaringar og svar på det vi spurte om – likte måten dei snakka til oss elevane på. Bra miljø på dagen!  

 Praktisk aktivitet, TING Å PRØVE! sjå, oppleve og lære (gjerne med ein “Wow-faktor”) sette spor!  Gode historier / karrierereiser på postane og på scena gjorde inntrykk.

Når ungdom blir møtt av engasjerte fagfolk, gode historier og praktiske opplevingar, kan det faktisk tenne ein liten yrkesglød.

 

Forrige
Forrige

Spesialisthuset inn som ny medlemsbedrift

Neste
Neste

Inspirasjonssamling for lokalmat og reiseliv