Høyringssvar – statlege kjøp av regionale flyruter i Sør-Noreg

Foto: Widerøe

Foto: Widerøe

Sjå artikkel på nettstaden til Møre Nytt

Kommunane og næringslivet på Søre Sunnmøre slår i sitt høyringssvar fast at ei FOT-rute mellom Ørsta–Volda lufthamn og Trondheim er heilt nødvendig. Med ei klar tilknyting til Helse Midt-Noreg, omfattande pasientstraumar og eit breitt dokumentert reisebehov meiner dei at staten må sikre eit betre og meir føreseieleg flytilbod. I tillegg til å vidareføre dagens ruter til Oslo og Bergen, ber dei om ei ny rute som styrkjer helseberedskap, utdanning, næringsutvikling og mobilitet i heile regionen.

Her kan du lese heile høyringssvaret:

Dato: 12.11.2025
Frå: Arbeidsgruppe på vegne av kommunene på Søre Sunnmøre, akademia og næringslivet i regionen

Innleiing

Vi viser til høyring om statens kjøp av regionale flyruter i Sør-Noreg. Dette høyringsvaret omhandlar vurderingar knytt til Ørsta–Volda lufthamn, Hovden (HOV) og dei rutene som i dag, eller framover, bør omfattast av FOT-ordninga.

Kommunar og HOV som regionalt knutepunkt

For samtlege kommunar på Søre Sunnmøre er tilgjengeleg luftfart ein grunnleggjande føresetnad for regional utvikling, helseberedskap, utdanning, næringsverksemd og mobilitet. Kommunane Volda, Ørsta, Hareid, Ulstein, Herøy, Sande og Vanylven er HOV eit natuleg førstevalg. Dette gjeld også for fleire kommunar i nabofylket Vestland der HOV blir nærare og meir tilgjengeleg enn «eigne» flyplassar som blir for langt unna.

Ørsta–Volda lufthamn fungerer som eit sentralt knutepunkt, og er ein kritisk del av transportinfrastrukturen i regionen. Det er difor av vesentleg betydning at staten opprettheld og vidareutviklar rutetilbodet her.

Kommunane tilrår difor at dagens ruter til Oslo og Bergen minimum blir vidareført med uendra frekvens. Nye FOT-ruter: Ein vil i tillegg at det vert utreda FOT-ruter til Trondheim - dette i tråd med regionen si tilknyting til Helse Midt-Noreg både innan næringsliv, akademia og helse.

I det følgjande gjer vi greie for fleire forhold i utgreiinga som etter vår vurdering må korrigerast eller utdjupast.

Befolkningsgrunnlaget i utgreiinga

Utgreiinga nyttar eit befolkningstal på om lag 7 500 personar per kommune for Ørsta og Volda. Dette er ikkje i samsvar med offisielle tal frå SSB, der tala pr 01.01.2025 er slik:

Ørsta 11 055
Volda 11 093

Bu og arbeidsmarknadsregionen er vesentleg større

Det reelle opptaksområdet for Ørsta–Volda lufthamn er vesentleg større enn dei 15 000 innbyggjarane som utgreiinga legg til grunn (korrigert til 22.000 med nye tal frå SSB). Lufthamna er den naturlege hovudflyplassen for ein stor bu og arbeidsmarknadsregion på søre Sunnmøre samt delar av Nordfjord. Tilsaman eit nedslagsfelt på 63.000 innbyggarar.

Område – Folketal – Kjelde
Søre Sunnmøre (7 kommunar) – ca. 51.000 – SSB
Stryn og Stranda – ca. 12.000 – SSB
Totalt opptaksområde – ca. 63 000

MRK: Om ein tek med studentar som kjem tilreisande til Høgskulen i Volda (som årleg har om lag 4 000 studentar (kjelde: Hi Volda), kjem det samla befolknings- og aktivitetsgrunnlaget for lufthamna opp i overkant av 67 000 personar.

Sentralt avvik i berekning

Dette avviket i befolkningsgrunnlag er av ein slik karakter at det direkte påverkar vurderingar av samfunnsnytte, frekvens og kva ruter som bør omfattast av statleg kjøp. Vi ber om at dette grunnlaget blir tatt inn og korrigert.

Regiontilknyting til Helse Midt-Norge

Nesten heile opptaksområdet høyrer til Helse Midt-Norge, med St. Olavs hospital i Trondheim som regionsjukehus. Dette legg sterke føringar for reisemønster og behov. Manglande flytilbod mellom Ørsta–Volda og Trondheim skaper i dag vesentlege utfordringar for pasientar, pårørande og helsepersonell. I 2024 var det om lag 200 ambulanseflyavgangar frå Hovden til Trondheim (kjelde: Avinor). Dette talet indikerer kor omfattande pasientflyten er. For kvar akutt flytransport kjem eit betydeleg tal på pårørande og oppfølgingsreiser som i dag må nyttast via alternative og tidkrevjande reiseruter.

Behovet for FOT-rute til Trondheim

På bakgrunn av regiontilknytinga til Helse Midt-Noreg og det dokumenterte pasientbehovet vurderer kommunane ei FOT-rute til Trondheim som heilt nødvendig. Ein morgonavgang frå Ørsta–Volda rundt kl. 07.00 vil gjere det mogleg å møte opp på St. Olavs hospital før kl. 10, noko som i dag ikkje er mogleg via Ålesund lufthavn Vigra uansett rutekombinasjon.

Ei rute til Trondheim vil i tillegg styrke kontakten med NTNU og teknologimiljøa i Midt-Noreg, lette reiser for studentar og fagmiljø, samt knyte saman to sterke næringsregionar. Den samla samfunnsnytta av ei slik rute er såleis breitt forankra både i helse, utdanning, beredskap og næringsutvikling.

Samfunnsøkonomiske og regionale konsekvensar

Søre Sunnmøre har globalt retta næringsstruktur innan maritim industri, teknologi, fiskeri og reiseliv. Desse bransjane er avhengige av rask tilgang til større byar og internasjonale knutepunkt. Endringar som svekkjer regulariteten eller tilgjengelegheita til Oslo og Bergen vil medverke til redusert konkurranseevne, lågare investeringsevne og meir krevjande rekruttering.

Flytilbodet er òg, i tillegg til nevnte Trondheim og St. Olavs , avgjerande for pasientreiser til sjukehus i Oslo og Bergen, samt for mobiliteten til helsepersonell. Ørsta–Volda lufthamn inngår som ein del av den samla beredskapsstrukturen, der både akuttberedskap og samfunnssikkerheit er avhengig av rask transportkapasitet.

Regionen er også tett knytt til universitetsmiljøa i Oslo, Bergen og Trondheim. Studentar, forskarar og fagleg personale er avhengige av eit stabilt flytilbod for å oppretthalde aktivitet, samarbeid og rekruttering.

Feil føresetnader om reisetid til Vigra

Utgreiinga legg til grunn at reisetida mellom Ørsta Volda lufthamn og Ålesund lufthamn Vigra er 1 time og 30 minutt. Ei slik vurdering er ikkje representativ for faktisk reisetid. Den reelle tidsbruken blir sterkt påverka av ferje mellom Festøya og Solevåg, ventetid, trafikkavvikling, kø og sesongvariasjonar.

Dette inneber at fleire av dei samfunnsøkonomiske vurderingane, slik som tabell 8-3 GK beregning Ørsta-Volda-Trondheim, byggjer på feil premiss. Dersom reell reisetid blir lagt til grunn, er det høgst sannsynleg at ei FOT-rute mellom Ørsta–Volda og Trondheim vil kome betre ut samfunnsøkonomisk, særleg sett opp mot pasientflyt og helseregionale krav.

Samla vurdering og tilrådingar

På bakgrunn av det dokumenterte behovet og korrigerte datagrunnlaget ber vi om at Samferdselsdepartementet
– opprettheld rutene til Oslo og Bergen med minimum dagens frekvens,
– korrigerer befolkningsgrunnlaget som er nytta i utgreiinga,
– reviderer den samfunnsøkonomiske analysen av Trondheim-rute med utgangspunkt i reell reisetid, og
– etablerer FOT-rute(r) til Trondheim som speglar regionens helsetilknyting og akuttberedskap.

Oppsummert

Ørsta–Volda lufthamn er ein livsnerve for ein region på om lag 63 000 menneske, med sterk industri, stort studentmiljø og ei klar tilknyting til Helse Midt-Noreg. Det er avgjerande at statlege vurderingar tek utgangspunkt i korrekt og representativt datagrunnlag. Ei svekking av rutetilbodet vil vere eit alvorleg tilbakeslag for heile regionen, medan ei styrking vil gi betydeleg og dokumentert samfunnsnytte.

Avslutning

Vi takkar for høvet til å gi innspel og står til disposisjon for vidare dialog.
På vegne av kommunane på søre Sunnmøre, akademia og næringsliv i regionen.

Per Are Sørheim – Ordførar Ørsta Kommune
Sølvi Dimmen – Ordførar Volda Kommune
Sigrun Heltne Vartdal – Dagleg leiar Sti.Ørsta Næringskontor
Jan Thormodsæter – Dagleg leiar MAFOSS

Neste
Neste

Næringslivet ropar varsku om rammevilkåra – kven tek ansvar?