Næringslivet ropar varsku om rammevilkåra – kven tek ansvar?

Kven skal skape framtidas arbeidsplassar i Møre og Romsdal – og i Noreg – dersom vi gjer det stadig vanskelegare å drive næring? Kven skal investere, rekruttere og utvikle når rammevilkåra pressar bedriftene i kne? Næringsforeiningane i Noreg (NiN) har nyleg lagt fram si næringspolitiske undersøking for 2025. Tala frå Møre og Romsdal viser eit tydeleg bilete: næringslivet slit med rammevilkår som gjer det vanskeleg å skape vekst og arbeidsplassar. Dette må takast på alvor.

Manglande arbeidskraft Den siste næringspolitiske undersøkinga frå Næringsforeiningane i Noreg (NiN) teiknar eit alvorleg bilete: 7 av 10 bedrifter melder om akutt mangel på kompetent arbeidskraft. Samstundes slit vi med utanforskap og unge som fell utanfor arbeidslivet. Korleis skal vi klare omstillinga dersom vi korkje utdannar nok folk eller klarer å halde på dei vi har?

Skatt som tappar Formuesskatten vert opplevd som særleg øydeleggjande for norsk eigarskap. Han tvingar eigarar til å ta pengar ut av bedrifta for å betale ein privat skatt – noko utanlandske eigarar slepp. Det gjer norske eigarar dårlegare stilt enn utanlandske. Forsking viser at dette kan føre til at lønsame prosjekt aldri blir realisert – eit reint samfunnstap. Mange opplever dessutan at formuesskatten kjem på toppen av både selskapsskatt og utbytteskatt, noko som i praksis fører til trippelbeskatning. Resultatet er tapt verdiskaping og færre arbeidsplassar i distrikta. Er dette verkeleg den politikken vi skal basere framtida på?

Og kva med klimaet?

Bedriftene våre vil bidra, men CO₂-avgiftene aukar raskare enn dei grøne alternativa kjem på plass. For fiskeflåten og andre nøkkelnæringar blir dette ikkje eit insentiv – men ei straff. Kva slags klimapolitikk er det å straffe dei som ikkje har noko reelt alternativ?

Samferdsel og regularitet

Uforutsigbar transport slår beina under næringslivet i distrikta. Når ferjer, bussar, fly og hurtigbåtar manglar regularitet, blir det vanskeleg å drive effektivt. Bedriftene treng føreseielege transportløysingar – elles stoppar verdiskapinga opp. Korleis kan vi forvente at folk skal satse i distrikta når sjølve grunnmuren – transporten – sviktar?

«Når bedriftene får puste, får heile samfunnet vekst.»

Næringslivet i Møre og Romsdal består i stor grad av små og mellomstore, norsk-eigde og lokalt forankra bedrifter. Dei skaper arbeidsplassar, skatteinntekter og levande lokalsamfunn. Men for å halde fram, treng dei føreseielege og rettferdige rammevilkår.

Ei av hovudutfordringane er uforutsigbare rammevilkår og lange, tidkrevande offentlege prosessar, særleg knytt til næringsareal. Mange opplever at utviklingsprosjekt blir stoppa eller forseinka, medan behova for vekst og omstilling er akutte.

Som næringsforeiningar representerer vi eit breitt mangfald, men på dette punktet er vi samde: utan betre rammevilkår blir det vanskelegare å investere, rekruttere og utvikle nye bedriftene i vår region.

Difor er oppmodinga vår til politikarane lokalt, regionalt og nasjonalt, enkel – og krystallklar: Slutt å straffe dei som skaper verdiane. Bygg rammevilkår som gjer det mogleg å satse. For Noreg kan ikkje leve på oljefondet åleine – framtida må skapast her og no, av dei som faktisk vågar å investere.

Forrige
Forrige

Høyringssvar – statlege kjøp av regionale flyruter i Sør-Noreg

Neste
Neste

Eit land å ta vare på – det gjer vi best saman