Eit land å ta vare på – det gjer vi best saman

I Møre Nytt fredag 25. juli hadde tidlegare journalist og redaktør i Møre Nytt eit innlegg som han kalla “eit land å take vare på”. Vi på Ørsta Næringskontor sende tilsvar, som kom på trykk fredag 8. august. Her kan du lese innlegget vårt.

Vi må halde oss for gode til å snakke nedlatande om norske bedriftseigarar – dei som tek risiko, skapar arbeidsplassar og betaler skatt som finansierer velferdsstaten. I staden for å møte reelle bekymringar kring formuesskatten med sakleg debatt, blir det kasta ut personangrep og påstandar som ikkje speglar kvardagen til norskeigde bedrifter.

Dersom ein tek seg tid til å sjå på tala frå SSB, blir det tydeleg: Det er ein kraftig nedgang i investeringar i privat næringsliv, lågare sysselsetting i privat sektor og ei bølgje av oppkjøp frå utanlandske aktørar. Faktisk ligg Noreg på botn i OECD når det gjeld næringsinvesteringar. Det er grunn til uro – og til å stille spørsmålet: Kvifor?

Vi ved Ørsta Næringskontor ønskjer å lyfte fram ei side av skattedebatten som ofte blir oversett. Kva konsekvensar har formuesskatt på arbeidande kapital for små og mellomstore bedrifter i bygda vår og i det norske næringslivet? Mellom 2021 og 2022 vart formuesskatten meir enn dobla! Det forklarer kvifor mange bedriftseigarar no ropar varsku.

Norske bedrifter har ikkje ei «Sareptas krukke» eller eit oljefond. Dei må konkurrere, omstille seg og jobbe knallhardt kvar dag for å overleve og utvikle seg. Det handlar ikkje om å flytte ut av landet eller unngå skatt – det handlar om kva som er berekraftig for bedrifta på sikt.

Sterke påstandar – svak dokumentasjon

Innlegget «Eit land å ta vare på» av Skjalg Longva inneheld fleire sterke påstandar som krev faktasjekk – særleg i skattedebatten. Longva etterlyser ansvarskjensle, men overser det faktum at norskeigde bedrifter dagleg viser samfunnsansvar: Dei skapar arbeidsplassar, sponsar lokale lag og organisasjonar, inkluderer menneske utanfor arbeidslivet, og betaler skatt og avgifter til felleskassa.

Det vi treng, er ikkje meir polarisering. Vi må slutte å skape eit motsetningsforhold mellom bedriftseigarar og arbeidstakarar. Norskeigde bedrifter betaler langt meir skatt enn utanlandske eigarar – som verken betaler formuesskatt eller i mange tilfelle

selskapsskatt. Dette skapar ei konkurransevriding som gjer det vanskelegare for norske bedrifter å overleve. Mange blir utkonkurerte, går konkurs eller blir seld – og dermed mistar vi lokale eigarar som har engasjement for både bygda og landet.

Fakta om skatt og næringsliv

Skattedebatten handlar ofte om «milliardærane», men 99 % av norskeigde bedrifter er små eller mellomstore, dei er ikkje det vi likar å kalle rike, men dei er hardtarbeidande folk som ønsker å skape sin eigen og andre sin arbeidsplass. Desse bedriftene står for mesteparten av sysselsettinga i privat sektor – og det er desse som blir hardast råka av formuesskatten.

Visste du at :

• Formuesskatten må betalast sjølv om bedrifta går med underskot.

• 50 % av formuesskatten blir betalt av den rikaste prosenten.

· Ingen andre land i OECD har formuesskatt på arbeidande kapital slik Noreg har

• Om bedriftseigarar flyttar ut, fell eit stort inntektsgrunnlag bort – og rekninga blir ståande att hos dei andre.

Norge har no eit skattesystem som er meir krevjande enn dei fleste samanliknelege land. Fleire ekspertar og internasjonale aktørar uttrykker uro for utviklinga. Kven vil starte bedrift i eit land der ein må ta meir risiko og får dårlegare vilkår enn konkurrentane?

Formuesskatt på arbeidande kapital – kva betyr det eigentleg?

Staten krev årleg formuesskatt på det som blir kalla «arbeidande kapital» – altså skatt på bygningar, maskiner, varelager og produksjonsutstyr etc.

Når statsministeren omtalar dette som «skatt på aksjar», er det ei ufullstendig og forvirrande framstilling. Det underslår realiteten norske eigarar står i.

Samstundes betaler eigarane 22 % selskapsskatt på overskot og opptil 37,8 % skatt ved uttak. Til saman gir dette ei totalbelasting som gjer det vanskeleg å investere i framtidige arbeidsplassar og ikkje minst muligheita til å omstille bedrifta inn i det grøne skiftet.

Når bedriftseigarar går til rettssak

At Ørsta-entreprenør Lars Oscar Øvstegård no går til søksmål mot staten er ikkje eit forsøk på å snike seg unna skatt. Det er eit forsøk på å få vurdert om den norske formuesskatten er lovstridig og konkurransevridande. Han representerer ei stor gruppe næringsdrivande som kjenner på det same presset. Det å få vurdert om Norge bryt grunnlova og menneskerettigheitene ved å konfiskere privat eigedom er vel verd å få prøvd i rettssystemet? Det er bekymringsverdig at myndigheitene aktivt arbeidar for at dette ikkje skal skje.

Øvstegård er ein sentral aktør i lokalsamfunnet, og har gjennom fleire tiår mottatt både byggeskikkpris, drivkraftspris, eldsjelpris og næringspris. Slike personar skal vi ikkje henge ut – vi bør verne om dei.

La oss ta vare på kvarandre – og landet vårt

Vi treng fleire som torer å satse – som pantset hus og heim for å skape arbeidsplassar, som har hjarte for bygda og blikk for framtida. Når vi legg til rette for dei, legg vi samtidig til rette for eit levedyktig Norge.

Lat oss ta vare på kvarandre – og landet vårt. Det gjer vi best saman.

Ørsta Næringskontor

Forrige
Forrige

Næringslivet ropar varsku om rammevilkåra – kven tek ansvar?

Neste
Neste

Sprek 80-åring