Sprek 80-åring
Hovden Møbel fyller 80 år, og markerer jubileet med flytting til nye, moderne kontorlokale i Vellibygget - med flott utsikt mot småbåthamna.
Den tradisjonsrike møbelprodusenten, som har røter heilt attende til 1945, har gjennom åra bygd seg opp til å bli ein solid aktør innan norsk møbelindustri. Selskapet er kjend for høg kvalitet, tidlaust design og godt handverk. Bedrifta har vore ein viktig arbeidsplass i regionen, og har levert møblar til kundar over heile landet. Produksjonen vart flytta til Litauen i 2015, men hovudkontoret har framleis hatt tilhald lokalt.
Med all produksjon i utlandet, har ikkje bedrifta behov for eit stort forretningsbygg. No har Hovden Møbel valt ei meir sentral plassering i Veilbygget, der dei vil vere del av eit moderne kontorfellesskap. Hovden Møbel blir eigd av Jon Carsten Eikrem, Lisbeth Hovden Nilsen og Liutauras Juska.
Sovesofa er bærebjelken i sortimentet, men dei har også sofa og andre møblar som er populære. Lokalt kan ein kjøpe møblane både hos Møbelringen og Bohus.
Vi gratulerer Hovden Møbel med 80-årsjubileet, og ønskjer dei lykke til i nye lokale. Kjekt å få dykk som naboar!
F.v. Sverre Børge Hjorthaug, sal og kundeservice og Lisbeth Hovden Nilsen, dagleg leiar.