Kjære medlem!

Sommaren er komen – og endeleg kom det òg litt sol og varme til Ørsta!

Det har vore nokre spennande månadar på Næringskontoret. Vi jobbar aktivt for å styrke samhandlinga mellom næringsliv, skule og kommunen – dette fordi vi har trua på at det er når vi lyftar ilag vi får til det beste resultatet.  Det er alltid kjekt å kome ut på bedriftsbesøk og vi blir godt mottekne om saka gjeld lærlingar , energi, skatt eller berre det å vere ein samtalepart . Slike besøk vil vi ha fleire av til hausten.  

Det er mykje spennande som skjer i Ørsta og vi på næringskontoret er stolte over å kunne vere ein av støttespelarane du og di bedrift kan nytte dykk av. Ørsta har etablert seg som handelssenteret på søre, vi har tilgang på næringsareal for bedriften både sjønære og andre, vi har ei mengd flotte bedrifter og vi har ein vidaregåande skule som utdannar ungdommar til viktige roller i bedrifene i framtida. Alt ligg til rette for at Ørsta skal vere ein god plass å drive verksemd i , likevel er her mange saker som det er viktig å ha på agendaen og vere ein aktiv medspelar pådrivar på.

Vi vil med dette nytte høvet til å takke dykk for eit aktivt og engasjerande første halvår – med dykk på laget er det mykje vi kan få til!

Her er eit lite tilbakeblikk på noko av det vi har arrangert så langt i år:

🔌 Energimøte med Tussa, Linja og Ørsta kommune

I februar samla vi dei største industribedriftene i Ørsta og Volda til møte om energisituasjonen. Det vart eit viktig treffpunkt for industrien, og vi fekk tydeleg fram utfordringane: Møre og Romsdal har i dag kraftunderskot, stor grad av import og svake nettforbindelsar. Dette kan i verste fall hindre utvikling og vekst i næringslivet og stå i vegen for den grøne omstillinga vi alle må gjennom. Denne saka vil vi følgje tett vidare.

💼 Næringskonferansen Søre Sunnmøre 2025

10.april arrangerte vi igjen årets største konferanse i regionen, og det med rekorddeltaking og svært gode tilbakemeldingar! Dette har virkelig blitt den festdagen for næringslivet som vi ønsker den skal vere 😊 Fagleg påfyll, gode samtalar og sosialt samvær prega dagen – og kveldsarrangementet på TIK Café vart ein stor suksess der vi alle fekk oss ein god latter :-D … Singleladies har fått ein ny dimensjon i år. Takk til Truls, Kim og Hogne ! Vi håper sjølvsagt å sjå dykk igjen til neste år – berre å sette av datoen torsdag 26. mars 2026.

Foto: Oclin

🧳 «Bli med hit» – Oslo 2025

I mars deltok vi på jobbmessa Bli med hit i Oslo, saman med bedrifter frå Ørsta og andre næringsforeiningar i fylket. Her jobba vi for å knyte kontakt mellom heimflyttarar og næringslivet – eit viktig arbeid for framtida vår. Rekruttering er ei av dei utfordringane vi stadig høyrer frå bedriftene våre og dette er eit bidrag til å hjelpe til på den situasjonen.

🌱 Berekraftsrapportering til frukost

I april inviterte vi til frukostmøte i samarbeid med BDO og Adviso Advokatkontor. Der fekk lokale verksemder innsikt i kva som krevjast innan berekraftsrapportering – og gode råd om korleis ein kan møte dei nye krava.

💰 Formueskatt på arbeidande kapital

Vi må også nemne det viktige arbeidet Lars Oscar og medhjelparane hans har gjort i saka om formueskatt på arbeidande kapital. Det er vanskeleg å forstå at denne skatten får halde fram, når han er så øydeleggjande for norskeigde bedrifter. Vi heiar vidare på dei som står i denne kampen!

🌸 Dugnadsånda blomstrar i Ørsta!

Det var flott å sjå korleis butikkane i sentrum tok ansvar då kommunen ikkje hadde midlar til planting. IFA på ungdomsskulen, Hagelaget og sentrumsbutikkane fylte blomsterkrukkene på nokre få timar – og butikkane tek sjølv ansvar for vatning og luking gjennom sommaren. TUSEN TAKK til alle som bidreg.

🎨 Festspelfrukost og opning av Kunstgata

Sommaren startar for alvor når vi opnar Kunstgata – og i år var det fullt til frukost på den finaste laurdagen vi har hatt på lenge. Vi oppmodar alle til å ta seg ein tur og sjå dei flotte kunstverka som heng i butikkvindauga denne sommaren – brosjyre over utstillarane finn de på alle butikkane i gågata.

Men no er det tid for ferie og husk å nyt sommaren og ladd batteria, ver gjerne turist i Ørsta – her har vi ein fantastisk natur i verdsklasse , flotte strender, kafear og restauranter , butikkar og ei mengde aktivitetar berre vi tenker over å bruke dei . Ditt besøk kan vere avgjerande for at tilbodet held fram .

Med dette ønskjer vi  dykk alle ein strålande sommar – og ser fram til ein travel og spennande haust saman med dykk, med nye arrangement og initiativ i vente.

💡 Har du ei sak du brenn for?
Vi vil gjerne høyre frå deg! Kva bør vi prioritere framover? Send oss innspel – stort eller smått – til post@orsta-nk.no

☀️ God sommar!

 Med venleg helsing,
Sigrun og Anne Britt
Stiftinga Ørsta Næringskontor
📧 post@orsta-nk.no | 🌐 www.orsta-nk.no






Forrige
Forrige

Sprek 80-åring

Neste
Neste

Årsmøte og bedriftsbesøk