Årsmøte og bedriftsbesøk
Onsdag 30. april vart det gjennomført årsmøte i Stiftinga Ørsta Næringskontor. Det var vanlege årsmøtesaker som var på agendaen. Det sittande styret vart gjenvalgt for eit år. Møtet vart avslutta med synfaring i dei nye hyttene som snart er ferdigstilte ved Ørsta Camping.
Det vart vedteke at styret blir sittande i eit år til.
Det sittande styret er:
Styreleiar: Einar Holsvik (Bygg og anlegg)
Vara: Roar Eiken
Styret for øvrig vart gjenvalt som følgjer:
Nestleiar: Per Are Sørheim (politisk)
Vara: Tove Halse Digernes
Handel: Odd Staurset
Vara: Syver Nupen
Industri: Ann Helen Korsfur Krøvel
Vara: Bjørn Meek
Reiseliv: Vivian Ose Flø
Vara: Siri Dahl
Ørsta Kommune: Wenche Solheim
Vara: Eldar Rune Øye
Politisk: Hans Olav Myklebust
Vara: Asgeir Standal
F.v. framme: Næringssjef Sigrun Heltne Vartdal, leiar Einar Holsvik og Wenche Solheim. F.h. bak: Ann Helen Korsfur Krøvel, Per Are Sørheim, Asgeir Standal og Vivian Ose Flø. Odd Staurset var ikkje til stades.
I løpet av det siste året har det vore høg byggeaktivitet ved Ørsta Camping. Fire nye hytter er oppført i moderne stil – lyse, romslege og med tilrettelagde løysingar for rørslehemma. Det er opa løysing mellom kjøkken og stove, to soverom, bad og glasveranda med utsikt over campingområdet. Dagleg leiar Vivian Ose Flø, som fekk Ørsta kommune sin Næringspris i 2021, har valt å satse. – Vi ser at det er behov for større hytter med høg standard, både for turistar og for næringslivet, seier Flø.
Campingplassen er ikkje berre ein sommarstad – mange av hyttene blir utleigde til arbeidsfolk og grupper utanom sesongen, mange i samband med byggeprosjekt og arrangement. Flø ser både eit behov og eit potensiale for å leige ut utanfor sesongen og er aktuell for fleire kundegrupper. Campingplassen har ikkje hatt nok hytter til å stette behovet for utleige til desse gruppene. Det neste målet er betre kjøkken og fleire bord i kiosken. Det farlegaste er å henge etter på investeringar seier Vivian. Vedlikehald og oppgradering er viktig skal hyttene vere attraktive for gjestane. Dei eldre hyttene har vorte oppgraderte jamnt og trutt. Det er etterisolasjon, nye vindu, golv, sanitæranlegg og nytt elektrisk system. I tillegg er det to laddestasjonar for elbil. No er det opninga i løpet av mai som er fokus. Då skal nemleg dei nye hyttene vere klare til utleige, og dei fyrste gjestane har allereie meldt sin ankomst.
Ann Helen Korsfur Krøvel og Per Are Sørheim i stova på hytta.
F.v. Vivian Ose Flø, Per Are Sørheim, Einar Holsvik og Asgeir Standal.
Dagleg leiar ved Ørsta Camping, Vivian Ose Flø framfor dei nybygde hyttene.