Vaktskifte

På årsmøtet til Ørsta Næringskontor sette Henrik Dalelid Vedde søkjelys på Vaktskifte - eit prosjekt som adresserer ei av dei største utfordringane i regionen: mangel på arbeidskraft, samstundes som tusenvis står på utsida av arbeidslivet.

Henrik Dalelid Vedde, prosjektleiar i Vaktskifte.

Fakta om Vaktskifte

Vaktskifte er eit prosjekt i regi av Kopano Møre og Romsdal, der Brisk, Furene, Astero, Varde og Trollheim samarbeider.

Målet er å:

  • sikre jamn tilgang på kompetanse til arbeidslivet

  • få fleire inn i arbeid

  • leggje til rette for generasjonsbasert kompetanseoverføring

Tiltaka omfattar:

  • tryggare overgang til arbeidslivet for unge

  • meir inkluderande rekruttering

  • mentorordningar og utvikling av leiarkompetanse

Prosjektet skjer i tett samarbeid med næringsforeiningane i fylket, inkludert NæSS – Næringsforeiningane på Søre Sunnmøre.

Tøff kamp om arbeidskrafta

I Møre og Romsdal manglar vi over 3200 tilsette  samstundes står 32 616 menneske utanfor arbeidslivet. Mange verksemder opplever ein stadig tøffare kamp om dei same folka.

Tøff kamp om arbeidskrafta

Vi manglar over 3200 tilsette i Møre og Romsdal til trass for at 32616 personar står utanfor arbeidslivet. Mange bedrifter opplever ein stadig tøffare kamp om å få tak i rett arbeidfskraft. Vi ser ein tendens til “kannibalisme” i arbeidsmarknaden, der verksemder konkurrerer om dei same, få hovuda i staden for å få fleire inn i arbeid.

Korleis skal vi lukkast?

Vaktskifte handlar om å snu denne utviklinga. I staden for å konkurrere om dei same ressursane, skal vi:

- opne dørene for fleire

- sikre betre overgang til arbeid

- bruke erfaringa til dei som går ut av arbeidslivet for å lyfte nye inn


Dette er ikkje berre eit prosjekt, det er eit nødvendig systemskifte.


Frå ord til handling  samarbeid med næringslivet

Eit konkret døme er samarbeidet med Vy Buss, som var første bedrift ut. Her jobbar vi med rekruttering av nye bussjåførar, kombinert med tett oppfølging, opplæring og mentorstøtte.

 Dette gir:

- tryggare rekruttering for arbeidsgivar

- høgare gjennomføring for kandidaten

- raskare veg inn i varig arbeid

Kva kan bedrifter gjere?

Bedrifter som vil vere med, kan:

- melde inn konkrete kompetansebehov

- delta i mentorordningar

- opne for nye rekrutteringsløp

- samarbeide om opplæring og kvalifisering

Vaktskifte bidreg med:

- kartlegging av kandidatar

- tilpassing mot kompetansekrav

- tett oppfølging før, under og etter tilsetjing

Eit felles ansvar

Vaktskifte har allereie fått nasjonal merksemd, mellom anna gjennom presentasjonar på NHO si fagkonferanse for arbeid og inkludering.

Henrik Dalelid Vedde, proskjektleiar i Vaktskifte, Øystein Øksenvåg, Brisk AS, Astrid Sørensen Garshol, Vy og Sigrun Heltne Vartdal, Ørsta Næringskontor på fagkonferansa til NHO.

Bodskapen er enkel:

Dette løyser vi ikkje kvar for oss.

 Her må alle gode krefter setjast inn. Dagens situasjon er ikkje berekraftig  verken for næringslivet eller samfunnet.

 Skal vi lukkast framover, må vi slutte å konkurrere om dei same folka  og i staden opne dørene for fleire.

Slik blir Vaktskifte til konkrete jobbar
Den fyrste casen i Vaktskifte er no i gong gjennom Furene AS i samarbeid med Vy Buss. I pilotfasen på Søre Sunnmøre er fleire aktuelle kandidatar allereie i dialog, og konkrete personar vert no vurderte fortløpande for neste steg mot å bli bussjåførar.

For dei rette kandidatane kan dette innebere at opplæring og sertifikat vert finansiert av Vy mot ei avtalt bindingstid. Samstundes er behovet stort, og fleire kandidatar er ønskte inn i ordninga.

Bak arbeidet står Jahn Christer Nerbøvik Humberset, som peikar på behovet for å tenkje nytt om rekruttering i åra som kjem.

Har di bedrift behov for arbeidskraft og ønskjer å ta i bruk Vaktskifte som rekrutteringsmodell, kan de ta kontakt med Jahn Christer Nerbøvik Humberset i Furene.

Sjå rekrutteringsfilm her

 

Jahn Christer Nerbøvik Humberset

tlf. 905 16 441

e-post: jahn.humberset@furene.no

Neste
Neste

Hudpleieklinikken i nytt lokale