Hels på vårt nye medlem Samundegarden

Med stort engasjement for dyr, natur og kvalitet byr Odd Bjarne og Rehab Bjørdal på lokalmat frå eige småbruk i Bjørdalen. På Samundegarden står kjøt frå storfe og sau i sentrum, saman med ferske egg frå frittgåande høner.

Rehab og Odd Bjarne Bjørdal‍ ‍ Foto: ØNK


Interessa for gardslivet starta tidleg

På garden står lokalmat, dyrevelferd og lange tradisjonar i sentrum. Odd Bjarne har drive med husdyr i 40 år, og interessa starta allereie som 15-åring då han kjøpte sine første tre søyer. Sauedrifta har vore ein del av livet i om lag 40 år, medan Hereford- og Dexter-kyrne kom til gards i 2014.

Valet av Dexter var ikkje tilfeldig. Rasen er kjend for å gi eit mørt, saftig og fint marmorert kjøt med høg kvalitet og mykje smak. Hereford er ein meir tradisjonell rase som er kjend for sitt gode og rolige lynne, noko som gir mindre stress for dyra og god kjøttkvalitet.

På frodige beite i Kvandalen lever Hereford- og Dexter-kyrne gode dagar no på sommarstid, medan sauene beitar frå Kvandalen og vidare til Rognestøyldalen og Bakkedalen, i tillegg til ein liten flokk på Skår og i Kvistaddalen. Det er nettopp dette som gir kjøtprodukta frå Samundegarden den gode smaken.

Kurasen dexter Foto: ØNK

Dei gode smakane

Det var lidenskapen for ekte handverk og tradisjonsrike smakar fekk Odd Bjarne Bjørdal til å starte med lokalmatproduksjon. Spekepølsene blir langtidsmodna etter gamle tradisjonar, ikkje hurtigtørka slik mykje av dagens industriproduksjon er.

Odd Bjarne er oppteken av at heile dyret skal bli nytta, og foredlar kjøtet til produkt med særpreg og historie. Her finn du mellom anna smakfulle lammepølser, pinnekjøt og andre tradisjonsrike produkt laga med hjelp av gode råvarer og tid. Hjørundfjordpølsa har blitt eit signaturprodukt. Spekepølsa er laga av storfe og sau, ei pølse som ikkje står tilbake for noko. Oppskrifta har Odd Bjarne sjølv komponert og er smakssett med tradisjonskrydder.

I Kvandalen er det godt å vere. Foto: ØNK

Frå jord til bord

Gjennom gardsbutikken, REKO-ringen og lokale matmarknader sel Samundegarden egg og foredla kjøtprodukt. Alt kjøtet blir henta heim etter slakting og vidareforedla hjå lokale produsentar til eit breitt utval produkt, frå spekepølser, lammepølse og utbeina fenalår til ulike stykningsdelar som til dømes pinnekjøt.

Rehab med produkt frå Samundegarden. Foto: ØNK

Akkurat no er hyllene i gardsbutikken i Bjørdalen relativt tomme. Fram til slaktinga i haust er det egg, spekemat, fårekjøt og eit mindre utval kjøtprodukt å få tak i, før gardsbutikken igjen blir fylt opp med ferske produkt frå garden.

Vi ønskjer Samundegarden velkomen som medlem i Ørsta Næringskontor!

Beite med utsikt. Rett nedanfor Kvandalen lever Dexter- og Hereford-kveg gode dagar. Foto: ØNK

Samundegarden på facebook

Neste
Neste

Vaktskifte