Sommarhelsing

I rusen etter den fantastiske 2–1-sigeren til Noreg i går sit eg her og prøver å ta med meg den gode kjensla av lagspel, sterke prestasjonar og viljen til å stå på – over tid. Det er slik resultat blir skapte.

Vi kan lære mykje av Ståle Solbakken og landslaget: passe kyniske i disposisjonane, men aldri på kostnad av lagmoralen og kulturen i gruppa. No ventar vi i spenning på Noreg–Brasil. Dette skal vi RO i land!

Investeringsvilje i Ørsta

Det er verkeleg spennande tider i Ørsta. Vi kan ikkje unngå å leggje merke til alle prosjekta som er på gang, eller som snart står klare med å sette spada i jorda.

Ørsta KKS blir heilt avgjerande for utviklinga framover. Dette gigantprosjektet vil skape enorme ringverknader for heile regionen. Når lokale investorar i tillegg viser investeringsvilje og store visjonar for både bulyst og næringsutvikling, då kan vi verkeleg gle oss til åra som kjem.

Får vi stang inn på alle desse prosjekta, blir det høg aktivitet i Ørsta i lang tid framover. Bryggekvartalet, Alt i, Mørebiltomta, Kaihuset, Melsgjerdet – og mykje meir. Det skjer noko, og det kjenner vi på.



Rammevilkår

Samtidig er det tøffe tider for mange, og det er viktige kampar som må kjempast for stabile og føreseielege rammevilkår.

Formuesskatten står framleis høgt på agendaen. Lars Oscar og resten av laget gir seg ikkje, og med nye og friske advokatkrefter har dei framleis energi til å halde trykket oppe. Vi er imponerte over innsatsen dei legg ned på vegner av heile næringslivet.

Skattekommisjonen har kome eit lite steg vidare og erkjenner no at formuesskatten har negative konsekvensar for investeringar. Men konklusjonane står framleis ikkje heilt i stil med utfordringane. Haustens debatt blir spanande å følgje.



Energisituasjonen – lokalt og nasjonalt

Ei av dei store sakene denne våren var salet av tomta på Melsgjerdet til Lefdal Mining. Her kan det bli store investeringar framover – bra for Ørsta kommune og svært spennande for næringslivet.

Informasjonsmøtet vi arrangerte på Hotell Ivar Aasen same dagen, der fleire av dei største industribedriftene våre deltok, var viktig. Det synte at industrien i Ørsta engasjerer seg og tek ansvar, samstundes som Tussa og Linja gav nyttig innsikt i dei energiutfordringane heile landet står framfor.

Denne saka slepper vi ikkje. Vi treng betre linjekapasitet, og særleg på Vartdalstranda må det skje noko.



Samferdsel

Utviklingsforumet for Ørsta–Volda lufthamn er godt i gang att. Flyplassen vår, med seks direkteruter til Oslo og fleire til Bergen kvar dag, gjer oss minst like gode som mange større byar når det gjeld tilgjenge og frekvens.

At flya er fulle, fortel oss éin ting: behovet er der.

Vi er inviterte til å halde innlegg når transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget kjem på besøk i august. Det er særs viktig. Å få snakke direkte med stortingspolitikarane om kva flyplassen betyr for regionen vår, dette er ei moglegheit vi skal gripe med begge hender.

Kanskje blir dette det viktigaste møtet vi har i haust. Vi er godt førebudde, og vi kjem til å stå på for å få ei rute til Trondheim.



Totalberedskapsåret 2026

Så over på beredskapssporet.

Ørsta Næringskontor og Volda Næringsforum skal arrangere det som kanskje blir det viktigaste seminaret næringslivet kan delta på i 2026. Torsdag 3. september samlar vi næringslivet til ein grundig gjennomgang av kva som blir forventa av oss – og kva vi sjølve bør gjere – i eit totalberedskapsperspektiv.

Vi hentar inn kompetanse frå IKT, helse, forsvar og næringsliv. Dette er ikkje berre interessant – det er nødvendig.

Set av datoen. Her må alle møte!



Men før den tid håpar eg at vi alle får nokre veker med ferie, sol og litt høgare temperaturar. Ta ein pust i bakken. Og om du ikkje skal reise langt – bruk området vårt.

Vi bur midt i ein turistdestinasjon i verdsklasse. Det må vi aldri gløyme.



Inspirasjonsforedrag av Per Sævik



Eg vil avslutte sommarbrevet med nokre kloke ord frå ein nestor , Per Sævik. Nokre av oss var så heldige å få møte han på Strømpenset i går. Det vart ei nærast magisk stund å få sitte så tett på ein næringslivsleiar og samfunnsbyggar  som framleis kanskje er den av oss med dei største visjonane . Han avslutta med eit sitat  av Konrad Adenauer « Vi lever alle under same himmel, men ikkje alle har same horisont»



  • Innanfor den ramma har vi prøvd – og av og til feila – når det gjeld satsing og prøve å skape aktivitet og arbeidsplassar. Eg ville berre sjå om eg greidde det då eg rodde som seks-åring. Den tenkemåten har følgd med meg. Eg har ønskt å prøve. Av og til i overkant med risiko, men det er viktig å ha tilstrekkeleg svoltne både næringslivseigarar og næringslivsleiarar som ser mulegheitene og som vil gripe dei og gjere dei om til arbeidsplassar.

I Herøy har vi hatt risikovilje og risikokapital. Det har skapt mange arbeidsplassar. Men det krev at ein tør å legge ut på og gå frå trygg hamn og ut i ukjent farvatn. Også for dei som bur og virkar inn i fjordane J

Storm er ein del av livet



Takk Per Sævik det er dette det handlar om, du er til inspirasjon for oss alle!

Foto: Roy Arne Folkestad, Møre Nytt



Så til alle medlemmane til Ørsta Næringskontor  takk for  innsatsen, engasjementet, deltakinga på arrangementa våre og optimismen de viser gjennom heile året. Det er summen av alt dette som gjer at vi held fram med å utvikle Ørsta som ein god stad å bu, arbeide og investere i, det er kjekt å jobbe ilag med dykk 😊



God sommar til dykk alle!



Beste helsing

Sigrun og Anne-Britt



Neste
Neste

Hels på vårt nye medlem Samundegarden