Nominasjonen til KIN Awards 2026 er opna:

Jaktar på kvinnelege førebilete og talent.

Organisasjonen Kvinner i Næringslivet (KIN) oppmodar no publikum til å nominere kandidatar til fire av dei gjeve prisane som skal delast ut under årets KIN Awards på Terminalen Byscene 25. september.

I september vert KIN Awards arrangert for tredje år på rad for å heidre kvinner som inspirerer, skapar verdiar og bidreg til utvikling i næringslivet og samfunnet på Sunnmøre. No ber KIN-styret om hjelp frå lokalbefolkninga til å finne kandidatar som fortener heider og ære.

– Vi har sett saman ein fagjury som skal vurdere nominasjonane og grunngjevingane. No håpar vi på mange gode nominasjoner frå heile Sunnmøre, slik at juryen får eit solid grunnlag for det viktige arbeidet sitt, seier styreleiar Charlotte Helen Velle i KIN.

Publikum kan nominere kandidatar i følgjande fire kategoriar:

● Årets unge inspirasjon: Vert tildelt ei ung kvinne som viser veg, spreier positiv energi og inspirerer andre til å satse.

● Årets eldsjel: Vert tildelt ei kvinne som legg ned eit brennande engasjement og ein ekstraordinær innsats for lokalsamfunnet eller ei god sak på Sunnmøre.

● Årets gründer: Vert tildelt ei kvinne som har satsa på ein eigen idé og skapt ny verksemd eller nye verdiar.

● Årets talent: Vert tildelt ei kvinne som har utmerka seg med høg fagleg dyktigheit, gode prestasjonar eller eit særskilt potensial innan sitt felt.


Slik nominerer du

Nominasjonar vert sende inn via skjema på KIN sine nettsider. Fristen for å sende inn framlegg er 23. august.

I tillegg til dei fire publikumsnominerte prisane skal det delast ut ein pris til «Årets førebilete». I denne kategorien nominerer juryen sjølv tre finalistar. Finalistane vert presenterte offentleg i byrjinga av september, før publikum stemmer fram den endelege vinnaren.

Du kan nominere din kandidat her

● Charlotte Helen Velle, styreleiar | Tlf.: 996 27 992 ● Josefine Spiro, kommunikasjonsansvarleg styremedlem | Tlf.: 938 72 330


KIN-styret (frå venstre): Josefine Spiro, Charlotte Helen Velle, Kjersti Nordbakk og Marielle Kongsvold. Styremedlem Liisa Mänd var ikkje til stades då biletet vart teke. Foto: Andrea Frostad.

Charlotte Helen Velle: Styreleiaren håpar på mange gode nominasjonar. Foto: Tommy Rasmussen.

KIN Awards 2025: I fjor var desse nominerte til «Årets førebilete», der Rita Sævik stakk av med sigaren. Foto: privat.

Neste
Neste

Sommarhelsing