Stortingskomiteen på besøk i Ørsta og Volda. No må det skje noko på E39!
Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget besøkte Ørsta og Volda for å sjå nærare på dei viktigaste samferdselsutfordringane i regionen. Bodskapen frå vertskapet var tydeleg: vi treng politisk handling – både for E39 og for flytilbodet frå Hovden.
Søre Sunnmøre har eit sterkt og eksportretta næringsliv, og gode transportløysingar er avgjerande for næringsliv, beredskap og kvardagen til innbyggjarane.
“Vi er svært glade for at stortingskomiteen tok seg tid til å kome hit og sjå utfordringane våre med eigne auge. Vi ønskjer å vise dei både kva som fungerer godt, og kvar vi no treng politisk handling”, seier representantane frå Utviklingsforum Hovden.
Flyet er ein del av infrastrukturen
Ørsta–Volda lufthamn har hatt sterk vekst og er i dag den nest mest trafikkerte kortbanelufthamna i landet. Trafikken har auka med heile 48,3% frå 2019 til 2025! Dette understøttar reisebehovet både frå næringsliv, helse, studentar og ferie- og fritidsmarknaden.
Regionen har gode samband til Oslo og Bergen, men ønskjer sterkt ei direkterute til Trondheim.
“For oss er flyet ein del av kvardagsinfrastrukturen. Alternativet kan vere åtte timar med nattbuss eller elleve timar med dagbuss”, seier ordførar Per Are Sørheim.
For det eksportretta næringslivet er eit føreseieleg flytilbod avgjerande.
– MAFOSS representerer bedrifter gjennom heile den maritime verdikjeda, alle med globale marknader. Vi treng folk frå andre delar av landet og verda, og då er Hovden ein avgjerande del av infrastrukturen vår, seier Jan Thormodsæter.
Han peikar på at næringslivet på Søre Sunnmøre stadig omstiller seg og utviklar verdsleiande produkt, mellom anna innan havvind.
– Utan Hovden, eller med eit dårlegare tilbod, vil vi bruke vesentleg meir tid og ressursar på å gjere den same jobben. Vi skal byggje for neste generasjon, skape arbeidsplassar og skatteinntekter og vidareutvikle verdsleiande produkt. Då treng vi føreseielege transportløysingar.
Bygg Voldatunnelen no!
Den viktigaste saka når samferdselskomiteen kjem, er Voldatunnelen.
“Dagens E39 mellom Ørsta og Volda er svært trafikkert. Dagens veg taklar ikkje den samla trafikken på strekninga og ved ulukker er omkøyringsmoglegheitene svært avgrensa. Samtidig ligg Volda sjukehus på den eine sida, medan luftambulansen og ambulanseflyet er på den andre.
“Dette handlar ikkje berre om framkome. Det handlar om tryggleik, beredskap og tilgang til sjukehuset. Dersom E39 blir stengd, har vi svært få alternativ”, seier varaordførar Sverre Leivdal.
Voldatunnelen ligg inne i Nasjonal transportplan og prosjektet er gryteklart.
– Vi har gjort jobben. Løysinga ligg klar. No ber vi om politisk handling: Bygg Voldatunnelen no!
E39 må ut av Ørsta sentrum
E39 går i dag gjennom Ørsta sentrum med over 12 000 køyrety i døgnet. Kommunen meiner gjennomgangstrafikken, særleg tungtrafikken, må flyttast ut av sentrum.
“ Vi har utvikla sentrum med bustadar, handel, skule og møteplassar. Samstundes går ein av dei viktigaste europavegane våre rett gjennom sentrum. Det er ikkje ei framtidsløysing”, seier ordførar Per Are Sørheim.
Kommunen meiner også Ørstafjordkryssinga må inn i neste Nasjonal transportplan.
“ E39 er ein del av konkurransekrafta til næringslivet på Søre Sunnmøre. Vi er heilt avhengige av at varer og folk kjem raskt og føreseieleg fram”, seier Sørheim.
Bodskapen til stortingskomiteen er klar:
Søre Sunnmøre har eit sterkt næringsliv, gode planar og godt dokumenterte behov.
No treng vi politisk vilje til å utvikle infrastrukturen som næringslivet, helsetenesta og innbyggjarane er avhengige av.
Først og fremst: Bygg Voldatunnelen no – og sørg for at Hovden også i framtida har eit flytilbod som gjer det mogleg å drive global næringsverksemd frå Søre Sunnmøre.
Bilete 1: Jan Tormodsæter, Mafoss - foto: Sigrun Heltne Vartdal
Bilete 2: Svein-Arne Vik, Lufthavnsjef Ørsta Volda lufthamn Hovden - foto: Sigrun Heltne Vartdal
Bilete 3: Sverre Leivdal, varaordførar Volda kommune - foto: Sigrun Heltne Vartdal
Bilete 4: Jan Tormodssæter, Mafoss og Per Are Søreheim, ordførar Ørsta kommune blir intervjua av Arne Flatin, NRK Møre og Romsdal - foto: Sigrun Heltne Vartdal
Bilete 5: Svein-Arne Vik, Jan Tormodssæter, Sverre Leivdal, Per Are Sørheim og Sigrrun Heltne Vartdal, dagleg leiar, Ørsta Næringskontor - foto: Ole Henry Gjærset
Bilete 5 og 6: Per Are Sørheim, ordførar Ørsta kommune - foto: Sigrun Heltne Vartdal
Bilete 7: Bård Hoksrud, samferdselskomiteen, FRP - foto: Sigrun Heltne Vartdal