Bygg 1 feirer 25 år!

Frå trong fødsel til landsdekkjande leverandør

Frå trong fødsel til landsdekkjande leverandør

I 2026 markerer Bygg1 25 år. Sidan oppstarten i 2001 har verksemda i Ørsta utvikla seg frå ein liten aktør med enkle lokale, ordre skrivne på blokka og helgar brukte til å pakke dører, til ein landsdekkjande leverandør av dører og alt av tilbehør til dører.

Historia starta 22. mai 2001 då Bygg1 vart stifta og fekk kjøpe salsrettane til ein dørprodusent i Latvia.

På eigarsida var også 2 store byggvareaktørar frå Bergen, noko som skulle sikre salet i startfasa. Etter eit år kom også Egil Skar inn på eigarsida.

Dei første åra heldt verksemda til i rundt 100 kvadratmeter med lager og kontor på Ørstaterminalen. Tilhøva var enkle, og mykje måtte løysast etter kvart som behova oppstod. Ordrene vart skrivne på blokka, og Jan Runar Holsvik, som i dag er dagleg leiar, og Egil Skar, som er salssjef, køyrde land og strand rundt for å møte kundar og selje dører. Helgane gjekk gjerne med til å pakke varer, og det vart lite søvn og mykje arbeid.

I starten av 2002 kom det stadig inn fleire kundar og spesielt ein stor ordre som vart eit viktig vendepunkt og bidrog til at verksemda fekk positivt resultat. Samstundes skjedde det endringar i marknaden. Furudører var på veg ut, medan kvite dører var i ferd med å få fotfeste. Bygg1 såg moglegheitene og greip dei.

Det har på mange måtar vore kjenneteiknet for utviklinga gjennom dei 25 åra. Når nye moglegheiter har dukka opp, har selskapet gripe moglegheitene med begge hender.

Frå Ørstaterminalen til eigne lokale

Bygg1 starta i dei enkle lokala på Ørstaterminalen. I 2004 kjøpte selskapet ei tomt i same området, og i 2006 flytta verksemda inn i eigne lokale. Sidan har eigedomen blitt bygd ut i fleire byggetrinn. Andre byggjetrinn kom i 2012, det tredje i 2017, og det førebels siste stod ferdig i 2023. Gjennom åra har mykje av overskotet blitt ført tilbake til verksemda og brukt til vidare utvikling.

I dag har Bygg1 ikkje berre moderne lokale, men også det som kanskje er den finaste takterrassen i området. Her kan selskapet ta imot leiarar og representantar frå forhandlarane sine og vise fram den spektakulære naturen vi har her.

Kvart år inviterer Bygg1, i samarbeid med Vartdal Plast, forhandlarar til Ørsta. Samlingane er ein viktig arena for å byggje og styrkje relasjonane til forhandlarane, samtidig som gjestene får bli betre kjende med produkta, verksemdene og menneska bak.

Besøka blir gjerne kombinerte med tur i nærområdet og til Hjørundfjorden. På den måten får gjestene også oppleve noko av det regionen har å by på. Samlingane gir samtidig positive ringverknader for andre lokale bedrifter, som til dømes serveringsstadar og transport.

Eit anna viktig vegskilje kom då hovudleverandøren kjøpte opp ein konkurrent. Det førte til at Bygg1 måtte tenkje nytt, og resultatet vart etablering av eigen dørproduksjon i Latvia.

Finanskrisa i 2008 sette satsinga på prøve. Bankane var forsiktige, og det var krevjande å få finansiering til vidare planar. Det ordna seg til slutt, så selskapet kunne halde fram med å utvikle verksemda.

Samarbeidet med dei Baltiske landa har blitt ein viktig del av historia til Bygg1, sjølv om byråkratiet til tider har vore krevjande.

Meir enn dører

Gjennom åra har sortimentet blitt stadig breiare. Dører er framleis kjernen i verksemda, men etter kvart har Bygg1 supplert med ei rekkje andre produkt og tilbehøyr, mellom anna dørvridarar, lister, skruar og dørlister.

I dag leverer Bygg1 til forhandlarar, husfirma og entreprenørar over heile Noreg. Dørene finn ein i alt frå større bustadprosjekt i byane til hytter langs kysten og på fjellet.

Selskapet har ein sterk posisjon langs kysten frå Rogaland og nordover, og har gjennom åra klart å halde på mange av kundane sine. Den lokale plasseringa i Ørsta har ikkje vore noko hinder for å byggje ein nasjonal marknad. Logistikken kan koste litt meir, men elles ser selskapet først og fremst fordelar ved å vere lokalisert her. Rimelege tomteprisar og tilgang på god og stabil arbeidskraft er viktige fordelar ved å drive verksemd i distriktet.

Sjølv i ein periode med lågkonjunktur i byggjebransjen har Bygg1 klart å vekse. Medan marknaden generelt har vore krevjande, har selskapet teke marknadsdelar og styrkt posisjonen sin. Det seier noko om tilliten Bygg1 har bygd opp over tid, og om evna til å levere konkurransedyktig på både pris, kvalitet, logistikk og sørvis.

Konkurransedyktige prisar har vore viktige, men for Bygg1 handlar det om meir enn pris. Kvalitet, presisjon, rask logistikk, sørvis og god oppfølging dersom noko skulle gå gale, er sentrale delar av det dei ønskjer å vere kjende for.

Leveringstida er ein viktig del av dette. 

Bygg1 tilbyr ulike pris- og kvalitetsnivå og eit breitt utval. Til større prosjekt kan selskapet levere komplette leveransar, der produkta blir merkte og organiserte etter kvar dei skal nyttast i prosjektet. Målet er å gjere det så enkelt som mogleg for kunden, frå den første skissa til døra er ferdig montert.

Ambisjonen er å vere best på både levering og sørvis, og å gi kundane tryggleik gjennom kvalitet og presisjon. Dette er nok resultatet til at fleire av leverandørane har vore med heilt sidan 2002.

«Vi held det vi lovar, og dørene våre held det dei skal.»

Frå ordreblokk til 28 500varelinjer

Ei av dei største endringane på 25 år er krava til miljø, berekraft, merking og dokumentasjon. Dette var langt mindre omfattande då Bygg1 starta. I dag skal alt dokumenterast, og med rundt 28 500 varelinjer stiller det store krav til system og oversikt.

Omfanget av verksemda har også endra seg kraftig. Bygg1 har rundt 100 000 dører på lager til ei kvar tid og sel mellom 130 000 og 140 000 dører i året.

Utmerkingar som heng høgt

Gjennom åra har Bygg1 fleire gonger blitt kåra til årets leverandør i ulike huskjeder. Utmerkingane er eit synleg bevis på tilliten selskapet har bygd opp hos kundane sine, og dei pryder i dag veggen i lokala deira. For Bygg1 er prisane ei anerkjenning av arbeidet som blir lagt ned kvar dag, frå produktutvikling og logistikk til sørvis, oppfølging og evna til å levere som avtalt.

Folka bak utviklinga

Bak veksten gjennom 25 år står menneska i verksemda. Dagleg leiar Jan Runar Holsvik og salssjef Egil Skar trekkjer fram dei tilsette som den aller viktigaste ressursen i Bygg1.

I dag har selskapet 43 årsverk og godt over 50 tilsette. Hovudtyngda arbeider i Ørsta, men Bygg1 har også medarbeidarar mellom anna i Harstad, Lørenskog og Oslo.  Bygg1 har 6 distriktsansvarlege betener heile landet med fysiske møter hjå kundane, medan dei 10 tilsette på Kundesenter tek seg av all dagleg oppfølging på telefon og e-post.

Vi gratulerer Bygg1 med 25 år, og ønskjer selskapet lukke til vidare med utvikling, nye moglegheiter og mange gode år framover!

Forrige
Forrige

Bedriftsbesøk hos Mjøl & Meir på Sæbø 15. juni

Neste
Neste

Stortingskomiteen på besøk i Ørsta og Volda. No må det skje noko på E39!