Bedriftsbesøk hos Mjøl & Meir på Sæbø 15. juni
Meistring, inkludering og moglegheita til å kome inn i arbeidslivet.
Endeleg måndag morgon, og vi set kursen mot Sæbø for å besøke Per Ivar Aak og gjengen på Mjøl & Meir som har opna bakeri i hjartet av Hjørundfjorden.
Vi kjem fram til ein nydeleg morgon med skoddedottar hengande i fjellsidene. Vi såg føre oss ei roleg stund før dagens første kundar, men der tok vi grundig feil.
Allereie den første halve timen var det jamn straum inn og ut av døra. Nokre snakka hollandsk, andre hadde dialektar langt frå Hjørundfjorden, og mange lokale sambygdingar stakk innom for ein prat, ein kaffi eller fersk bakst. Det var liv, aktivitet og ei god stemning som fylte lokalet. Eit godt teikn for ei ny etablering, og eit tydeleg signal om at dette er blitt ein plass folk ønskjer å bruke.
Mjøl & Meir omtalar seg sjølve slik:
«Vi er meir enn eit bakeri. Hos oss får du ekte handverksbakst, og du støttar ei verksemd som gir menneske nye moglegheiter i arbeidslivet.»
Og nettopp dette gjorde inntrykk.
Bak lukta av nysteikte bollar, ferskt brød og nykverna kaffi ligg det noko større enn gode smakar. Mjøl & Meir byggjer verksemda si på inkludering, arbeidstrening og tru på menneske. Her får menneske som av ulike grunnar har falle utanfor arbeidslivet moglegheit til å lære, utvikle seg og kjenne meistring i kvardagen. Unge og eldre med ulik bakgrunn møtest rundt mjøl, deig og handverk, og skapar verdi saman.
På Sæbø held bakeriet sesongope kvar dag frå kl. 08.00 til 17.00 fram til 20. august, og er med på å skape både aktivitet og møteplassar i bygda.
For oss traff besøket midt i kjernen av det vi jobbar med: meistring, inkludering og moglegheita til å kome inn i arbeidslivet.
Arbeid handlar om meir enn løn. Det handlar om å vere del av noko, oppleve fellesskap, få bruke eigne ressursar og kjenne at ein høyrer til.
Hausten
Sjølv om sommarsesongen er over, stenger ikkje Mjøl & Meir dørene. Bakeriet går over til nye opningstider utover hausten.
Laurdag 5. september blir det ekstra liv både i og utanfor bakeriet når Hjørundfjord Mat & Kultur går av stabelen på Sæbø.
Då kan du ta turen innom Mjøl & Meir for fersk bakst og noko godt i koppen. Denne dagen blir det også høve til å kjøpe god, heimelaga rømmegraut med spekemat attåt frå Samundegarden. Utanfor bakeriet blir det gratis grilling av pinnebrød for barna.
Opningstider og program laurdag den 5. september:
Bakeriet held ope mellom kl 09.00-16.00.
Rømmegraut og spekemat frå kl 11.30 - 15.00
Bålpanne og pinnebrød frå kl 11.15 - 15.00
Sommaren er over, men Mjøl & Meir held ope
På tide å takke for ein fantastisk sommar på Sæbø!
Takk til Per Ivar og alle på Mjøl & Meir for at vi fekk kome innom og sjå korleis de kombinerer godt handverk med eit sterkt samfunnsoppdrag. Vi ønskjer dykk lukke til vidare, og vi kjem gjerne attende.
Opningstider på bakeriet:
Veke 36: Ope alle dagar, bortsett frå onsdag og torsdag.
Veke 37: Ope alle dagar, bortsett frå tysdag, onsdag og torsdag.
Følg Mjøl & Meir på Instagram og Facebook, for fortløpande oppdateringar om arrangement og opningstider for alle bakeriutsala.
Foto: Sigrun Heltne Vartdal