Hudpleieklinikken i nytt lokale
Sist veke opna Hudpleieklinikken Prof. makeup dørene til nye lokale i Vikegata 32 etter ei intens periode med oppussing og flytting. I dei moderne og funksjonelle lokala, ligg alt til rette for vidare vekst og utvikling.
Som medlemsbedrift er Hudpleieklinikken ein viktig del av handelsstanden i gågata i Ørsta. Gjennom snart 20 år har dei bygd opp solid kompetanse og eit breitt behandlingstilbod. Dei vidarefører dei same behandlingane og kvalitetsprodukta som kundane kjenner frå før.
Behandlingstilbodet deira er:
Hudpleie og ansiktsbehandlingar
Make-up og brynsbehandling
Behandlingar utført av kosmetisk sjukepleiar
Kroppspleie
Hårfjerning
Manikyr og pedikyr
Flyttinga markerer også starten på eit jubileumsår. Til hausten fyller Hudpleieklinikken 20 år, noko som blir markert seinare i år.
Vi gratulerer med nye lokale og snart jubileum!