Reduserte flyprisar og auka rutetilbod på kortbanenettet

Regjeringa har vedteke å styrke rutetilbodet og redusere billettprisane i dei komande FOT-utlysingane med avtaleoppstart i 2024, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård i ei pressemelding.

Regjeringa la nyleg fram stortingsmeldinga Meld. St. 10 (2022–2023) om ein berekraftig og sikker luftfart, der geografisk berekraft var eit av fire mål for den vidare utviklinga av norsk luftfart. Geografisk berekraft inneber mellom anna at befolkning og næringsliv i heile landet har god tilgjengelegheit til lufthamner med eit tilstrekkeleg rutetilbod, til ein overkommeleg pris.

Det er viktig for denne regjeringa å gjere det lettare og billigare å reise langs kysten vår. Lågare prisar vil betre kvardagen for mange på Vestlandet og i Nord-Noreg. Det er mange som er avhengige av kortbanenettet, enten det er bedrifter, pendlarar eller folk som skal besøke familie.

Regjeringa har vedteke ei auka satsing for å styrke flyrutetilbodet i distrikta. I FOT-utlysingane, som kjem seinare i vår, vil ein gjennomføre fleire tiltak:

Lågare billettprisar og auka setekapasitet

Billettprisane på FOT-rutene er i dag regulert gjennom maksimalt tillate billettprisar, full fleksibel éin veg. Desse vert halvert frå 1. april 2024 for rutene betjent med fly i Sør-Noreg og Nord-Noreg. Dette vil minske avstandskostnadane for både innbyggjarar og næringsliv. For å ta omsyn til ein mogleg vekst i etterspurnad vil krava til setekapasitet aukast der talet på reisande er venta å stige mest.

Gladnyheit

Sekretær i i Utviklingsforum Ørsta/Volda lufthamn Hovden og dagleg leiar ved Ørsta Næringskontor Odd Magne Vinjevoll seier at dette er ei gladnyheit som vil ha stor betydning både for flok flest og for bedrifter. Prisane for flybillettar har vore så høge at mange har valt bort det  lokale flytilbodet og heller reist via Vigra. Lågare reisekostnader vil føre til stor trafikkauke, noko som vil gje fleire flyavgangar på sikt. Per i dag er det større frekvens frå Hovden til Oslo enn frå Vigra til Oslo. Det vil også kunne føre til ei større satsing med utbygging av fasilitetane på flyplassen seier Vinjevoll.

Foto: Widerøe

Foto: Widerøe

Forrige
Forrige

Opning av nytt tilbod ved Stødt

Neste
Neste

“Bli med hjem” til Ørsta