Opning av nytt tilbod ved Stødt

Torsdag 23. mars kl 1000 opnar det nye dagtilbodet på Stødt Bar & Scene. Då blir det høve til å nyte ein god kopp kaffi og noko godt attåt, med den flotte utsikta over småbåthamna som ekstrabonus.

Randi Blickfeldt ved den nye kaffimaskina. Foto: ØNK

Det er Randi og Helge Blickfeldt som tidlegare dreiv Fugl Føniks som no er tilsette ved Stødt, som på dagtid skal ha ansvaret for kafétilbodet. På menyen står ulike smårettar som brødblingsar med godsaker på, salat og dagens suppe som er laga frå botnen. Det blir også gode kaker, croissantar mm å få . Kafetilbodet vil vere ope alle dagar bortsett frå søndag og måndag.

Kenan Catic, som er fungerande dagleg leiar på Stødt Bar & Scene ser fram til det nye dagtidskonseptet kjem igong. Han seier at det også blir mykje kjekt som skjer framover på kveldstid. Det er planlagt mange konsertar, og fleire er i emning. I Påska er det full rulle kvar kveld. Han nemner konsert med Mak, Mute the machinery, Baarelaget, Broadline, og det blir Påskejam med karaoke. Vidare framover våren blir det konsertar med Tromme Dj Southviolence, Kontrollert Kaos, Tonje Halbjørhus. Til sommaren blir det stort fokus på utekonsertar. MidsommarStødt er planlagt, og to andre arrangement er under planlegging. Kenan håper på ein betre sommar enn i fjor. I morgon ønskjer vertsapet velkomen!

Stiftinga Ørsta Næringskontor ønskjer Stødt Bar & Scene til lukke med det nye tilbodet!

(Etter ein prøvesmak av kaffi frå den nye kaffimaskina, så kan publikum gle seg stort!)

Litt ombygging måtte til for å rome det nye tilbodet. Foto: ØNK




Forrige
Forrige

Korleis kan Ørsta sentrum bli betre? Sei di meining.

Neste
Neste

Reduserte flyprisar og auka rutetilbod på kortbanenettet