“Bli med hjem” til Ørsta

Mange bedrifter og kommuner på Søre Sunnmøre melder at det er vanskeleg å skaffe nok arbeidskraft. Den 13. april vert det arrangert jobbmesse i Oslo med mål om å tiltrekke seg arbeidstakarar til fylket. Ørsta Næringskontor inviterer Ørsta-bedrifter som i nær framtid treng meir arbeidskraft til å vere med på friarferda.

Bli med hjem- eit samarbeid i Møre og Romsdal

"Bli med hjem" er eit samarbeid mellom Molde Næringsforum, Kristiansund og Nordmøre Næringsforum, og Næringsforeningen Ålesund. Målet er å synleggjere bedriftene som fins i området vårt og kva moglegheiter dette gjev. Arrangementet blir promotert gjennom ulike kanalar for å invitere både utflyttarar og andre for å sjå kva yrker som er tilgjengeleg i området og kva tilbod som fins i nærmiljøet. “Bli med hjem” vil vise fram det beste Møre og Romsdal har å by på; eit spanande arbeidsliv og mange gode tilbod i ein fabelaktig region der det er godt både å jobbe og bu!

Ørsta Næringskontor ønsker å ta turen til messa saman med nokre av Ørsta-bedriftene med eit rekrutteringsbehov. Kommunane kan ha stand ved inngongen til messeområdet, og vi håper at også Ørsta kommune vil vere med. For å kunne delta, må vi ha nokre bedrifter med. Vi satsar på å kunne delta saman med Volda og dei andre kommunane på Søre Sunnmøre for å framsnakke dette som ein felles bu- og arbeidsregion med eit stort mangfald av bedrifter innanfor ein liten radius.

Kommunikasjon

Bli med hjem har eigen nettstad; www.bli med hjem.no. På denne sida vil alle kunne finne informasjon om arrangementet. Alle bedriftene som stiller med stand på messa blir synleggjort på ei eiga side og med lenke til bedrifta sin nettstad. Det vil her bli bygd opp ein historikk med filmar frå bedrifter som har delteke i tillegg til bilete og innlegg som er av interesse for jobbsøkjarar. Bli med hjem vil i forkant vere til stades i sosiale media, aviser mm. for å invitere folk til å besøke messa.

Ønskjer di bedrift å delta - ta kontakt med Ørsta Næringskontor v/ Odd Magne Vinjevoll tlf 906 15145 seinast mandag 13. mars.

LES MEIR

Forrige
Forrige

Reduserte flyprisar og auka rutetilbod på kortbanenettet

Neste
Neste

Vik Ørsta i samarbeid med Clean Sea Soulotions om reinare hamner