Vik Ørsta i samarbeid med Clean Sea Soulotions om reinare hamner

Vik Ørsta har inngått ein avtale med Clean Sea Soulotions om “Aquapod” som er ei innovativ teknisk løysing for å rydde opp i marint plastavfall. Det er Clean Sea Solutions som har patentet på løysinga som samlar opp avfallet , medan Vik Ørsta produserer den flytande installasjonen som innretninga er montert til.

Aquapoden kan lettast verte forklart som eit vassfall, som trekker til seg søppel i overflata. Ein gytesekk samlar avfallet og reint sjøvatn fløymer vidare. I prinsippet er dette ei lett løysing, men det har teke lang tid og mykje arbeidsinnsats, i tillegg til mange prototypar for å utvikle produktet.

Vik Ørsta og Clean Sea Solutions har signert avtale på å verte foretrekte partnerar og gjensidige leverandørar av kvarandre sine løysingar. F.v.: Petter Sandnes, salsansvarleg Vik Ørsta avd. Marina, Per Elvestuen, adm. dir. Clean Sea Solutions, Matthias van Middendorp, teknisk direktør Clean Sea Solutions og Rune Holstad, avdelingsleiar Vik Ørsta avd. Marina. FOTO: VIK ØRSTA

Passar inn i komplette marinaanlegg

Aquapoden greier seg rett nok ikkje åleine i havet. Han er avhengig av ein flytande installasjon rundt seg, både for tilkomst, rett flytehøgde, tøming og meir til. Valet på samarbeidspartnar fall naturleg på Vik Ørsta, som har vore marknadsleiar på flytebryggjer og marinaanlegg i Noreg sidan tidleg på 1980-talet.

Vi ser eit stort potensial i samarbeidet. Avtalen har eit formål om å auke salet av Aquapod i Vik Ørsta sine bryggjeløysingar, fortel Rune Holstad, som er avdelingsleiar i Vik Ørsta, avdeling Marina.

Avtalen inneber at vi har tilpassa eksisterande standard flytebryggjer til Aquapoden. Vi tilbyr no Aquapodbrygge i både 2, 4 og 3 meter breidde og har spesialdesigna ei luke, som mogleggjer tilsyn og tøming av Aquapoden. Bryggjene kan nyttast saman med våre standardbryggjer. Vi kan dermed levere Aquapod som eit tilleggsprodukt når vi tilbyr komplette marinaanlegg, fortel Petter Sandnes, som er salsansvarleg i Vik Ørsta avd. Marina.

Hotel Brosundet fyrst ute

Til no er det på stålbryggjer løysinga er utprøvd. Stålbryggjer er flytebryggjer med stålramme og flytepontongar under. Etter kvart skal løysinga også kome for betongflytebrygger.

Den fyrste leveransen av Aquapod på Vik Ørsta-flytebryggje var hausten 2022. Kunden var Hotel Brosundet (Flakk Gruppen), som gjennom dei første månadene har sett merkbar skilnad i sjøen i Brosundet. Kunden er overraska over kor mykje avfall som vert samla inn i Aquapoden, skriv Vik Ørsta og Clean Sea Solutions i pressemeldinga.

Den fyrste flytebrygga vart levert til Hotel Brosundet. F. V. Petter Sandnes, Vik Ørsta, Gulleik Olsen, Per Elvestuen, Ole Rosèn-Lystrup, Eventyrlig oppussing, og Matthias Middendorp (alle Clean Sea Solutions) og Camilla Espeseth, hotelldirektør Hotel Brosundet. FOTO: INGER-HELEN SEKKINGSTAD, HOTEL BROSUNDET

Eventyrleg samarbeid

Historia bak samarbeidet, inneheld fleire nyansar enn at Clean Sea Solutions fann sin sjelefrende i Vik Ørsta. Det heile starta med programmet «Eventyrlig oppussing». For fleire sesongar sidan, leverte Vik Ørsta flytepontongar til ein flåte i programmet. Snikkar og altmoglegmann Ole Rosèn-Lystrup stod for byggverket, og hadde dialogen med Vik Ørsta rundt vekt og oppdrift. For dei som lurer: Ja, det er han med cowboyhatten. Litt seinare var same mann involvert i Svai Sauna sine planar for flytande sauna i Brosundet i Ålesund. På ny vart Vik Ørsta kontakta og leverte ei stund etter ei komplett flytande sauna. I neste runde hadde Rosèn-Lystrup vorte partnar og prosjektsjef i Clean Sea Solutions. Då verksemda skulle levere flytande avfallsstasjon til Kristiansand kommune, leverte Vik Ørsta flytebryggjer til dette, vert det forklart.

Båt & Caravan-messe i Ålesund

Sist helg var det båtmesse i Ålesund; Båt & Caravan. Der stilte Vik Ørsta og Clean Sea Solutions på felles messestand. Her kunne dei besøkjande slå av ein prat med Petter Sandnes, Vik Ørsta, Rune Holstad, Vik Ørsta, Ole Rosèn-Lystrup, Eventyrlig oppussing og Catharina Frostad, hav- og tech-entreprenør i tillegg til eventyrar. Det var bra interesse for produktet, og dei som ville kunne sjå nærare på flytebryggja ved Hotel Brosundet.

Frå standen på Båt & Caravan-messa: f.v.: Petter Sandnes, Vik Ørsta, Catharina Frostad, hav- og tech-entreprenør i tillegg til eventyrar, Rune Holstad, Vik Ørsta og Ole Rosèn-Lystrup, Eventyrlig oppussing. Foto: Vik Ørsta


Forrige
Forrige

“Bli med hjem” til Ørsta

Neste
Neste

Grunnrenteskatt på havbruk