NÆRINGSTEFT-frå idè til verklegheit

Har du ein idè? Sparebanken Møre støttar prosjekt som bidreg til utvikling av lokalt næringsliv.

Næringsteft er eit komprimert kurs der du får fagleg kompetanse og det nettverket du treng for å utvikle idèen din til ein lønsam forretningsidè.

Næringsteft er ei reise der du som gründer får eit nettverk og eit fellesskap der kreativiteten kan boble. Foto: Sparebanken Møre

Kurset er ein del av Sparebanken Møre sitt samfunnsengasjement i nært samarbeid med partnerar, som alle er spesialistar på sine felt. Kurset er gratis og går over fire todagerssamlingar i november-desember og ei dagssamling i januar. “Døra inn til kurset er brei. Deretter så går dei med dei beste idèane vidare til semifinale og i neste trinn går nokre til finalen.

Semifinalistar får kr 50 000,-

Finalistar får kr 200 000,-

Vinnar får kr 1 000 000,-

Kvar haust er det finale på Børs og Bacalao

I januar kan dei som ønskjer det søkje seg videre i konkurransedelen av Næringsteft, med over 2 millionar kroner i premiepotten. En jury vel ut kven som får vere med vidare av søkjarane.

En god idé kjem sjelden åleine

Treng du å møte andre som har eigne idéar? Slike som er klar til å dele erfaringar, lytte, spørje, utfordre, snu opp ned og bak fram på det du tenkte var nesten perfekt?

Noko av det deltakarane i Næringsteft verdset aller mest er nettverket og fellesskapet dei bygger seg imellom, og med alle i økosystemet rundt nyskaparane her på Nordvestlandet.

Dette er noko av målsettinga. I eit slikt fellesskap kan kreativiteten boble. Om den første idéen din ikkje når fram, så har du nettverket til å dyrke fram den neste. Sparebanken Møre har trua på seriegründerar!

Og verktøykassa!

På samlingane blir dei grunnleggande fagområda som du må levere på gjennomgått. All undervisning er praktisk og målretta. Dersom du meinar alvor om å gjere noko med idéen din, er tida her no.

Entreprenørskap og kundeforståing

  • Merkevare og pitch

  • Marknadsføring og sal

  • Økonomi og finansiering

  • Bærekraft i verdikjeda

  • Forretningsplan

Eit nettverk av ressursar

I Næringsteft stiller Sparebanken Møre sine samarbeidspartnerar med eit fabelaktig knippe ressurspersonar. Alle tilhøyrer økosystemet for nyskaparar her på Nordvestlandet, og på kvar sine måtar bidreg dei til at du skal lukkest med idéen din.

Bygging av team er kjerna til suksess i all nyskaping. Også for teamet bak Næringsteft. Difor er Sparebanken Møre særskilt stolt over alle partnerane i Næringsteft. Utan dei - ingen Næringsteft!

Dette er alle lokale aktører som på kvar sin måte utøver skaparglede kvar dag. La dette vere inspirasjon til ditt eige arbeid. Ingen kjem til topps åleine.

Sjekkliste til deg som vil bli gründer her

Podcast om oppstart av bedrift her

Les meir om næringsteft her

Teft-midlar, Sparebanken Møre sitt samfunnsengasjement

I tillegg til Næringsteft så støttar Sparebanken Møre prosjekt som bidreg til utvikling av lokalt næringsliv, kultur og idrettsliv, nærmiljø, kompetanse og samferdsel.

Søknadsfrist:

1. mai og 1. oktober kvart år, og ein kan forvente svar innan to md. etter kvar søknadsfrist.

Sparebanken Møre prioriterer tiltak som er allmennyttige og kjem mange til gode. Prosjekta må vere konkrete og ha ein finansieringsplan som gjenspeglar det reelle støttebehovet. Sparebanken Møre fullfinansierer ikkje prosjekt, og vil alltid krevje en viss eigeninnsats i tillegg til eventuelt andre finansieringskjelder.

Søknadsskjema

Forrige
Forrige

Lars Oscar møtte Venstre

Neste
Neste

“Bli med hit” Møre og Romsdal