“Bli med hit” Møre og Romsdal

BLI MED HIT! – TIL SØRE SUNNMØRE
Næringsforeiningane på Søre Sunnmøre inviterer lokale bedrifter til rekrutteringsmessa BLI MED HIT! i Oslo torsdag 11. april, og byd samstundes næringslivet inn til webinar 16. februar der arrangementet blir presentert.
Den unike Bli Med Hit-messa har som mål å samle bedrifter frå Møre og Romsdal og talentfulle jobbsøkjarar under same tak, for å fremje lokale karrieremoglegheiter og å styrke arbeidskraft og økonomisk vekst i vårt naturskjønne fylke. Bli Med Hit! er arrangert av Molde Næringsforum, Kristiansund og Nordmøre Næringsforum, og Næringsforeningen i Ålesundsregionen.


Intensjonen med BLI MED HIT!

BLI MED HIT er meir enn berre ei jobbmesse; det er ei strategisk plattform for å vise fram det beste fylket og Sunnmøre har å tilby – frå leiande industriverksemder til innovative startups.
Næringslivet ønsker å trekkje til seg kompetanse og arbeidstakarar som kan vere interessert i å flytte til Sunnmøre med det unike mangfaldet av karrieremoglegheiter vi har. I tillegg er messa ein invitasjon til utflytta studentar eller nyutdanna som kan oppdage nye attraktive arbeidsgjevarar «heime». Fokus på tilflytting styrkar arbeidsmarknaden og lokalsamfunnet som heilheit.

Kvifor bør bedrifter frå Søre Sunnmøre delta:
BLI MED HIT er ein framifrå arena der lokale bedrifter frå Søre Sunnmøre kan vise seg fram og tiltrekke seg nye talent. Ved å delta kan di bedrift:

Møte potensielle nye tilsette ansikt til ansikt:

Presenter karrieremoglegheiter, kultur og verdiar i bedrifta - direkte til engasjerte jobbsøkjarar.

Styrke nettverket :

Messa gir også høve til å bygge relasjonar med andre lokale bedrifter, dele innsikt og utforske potensielle samarbeid.

Styrke marknadsføring og synlegheit :

Ein stand på BLI MED HIT er ein flott arena for å styrke eigen merkevare og marknadsføre seg som attraktiv arbeidsgjevar i kampen om kompetanse.

Steinar Hauge, Tussa, Ann Helen Korsfur Krøvel og Anita Stokke Blomvik, Vik Ørsta, Mounir El`Mourabit og Gunhild Aarsæther, Vartdal Plast. Foto: Ørsta Næringskontor

Bidra til regional utvikling :

Deltaking syner engasjement for lokalsamfunnet, og at ein ved å tiltrekkje seg nye tilsette og innbyggjarar tek ei aktiv rolle i å styrke økonomien i vår region.

Om NæSS (Næringsforeiningane på Søre Sunnmøre)
NæSS er eit samarbeid mellom alle næringskontora på Søre Sunnmøre med felles mål om å fremje næringslivet sine interesser og bidra til økonomisk utvikling på Søre Sunnmøre. Saman med kommunane og representantar frå lokalt næringsliv deltok NæSS på Bli Med Hit-messene i 2023, og vil også delta med eigen stand i 2024. NæSS utarbeider no felles materiell og video som skal promotere Søre Sunnmøre, mellom anna under denne rekrutteringsmessa. Det er også ei facebookside i emning som skal innehalde lenkjer til ledige stillingar på Søre Sunnmøre som ligg ute på FINN og NAV og som vi vil nytte til å annonsere for arrangementet i Oslo frå.

Invitasjon til webinar
NæSS oppmodar alle interesserte bedrifter om å registrere sin interesse eller påmelding tidleg, då talet på utstillarar er avgrensa.

Vi inviterer til webinar fredag 16. februar kl. 0900.

Her vil arrangør informere om BLI MED HIT!, det blir presentasjon av omdømmeundersøkjing for Sunnmørsregionen, og lokale bedrifter vil dele si erfaring som utstillarar.
La oss saman sette Søre Sunnmøre på kartet som ein attraktiv stad å leve, bu, arbeide og vekse.

Det er oppretta eit webminar på Teams, og du kan melde deg på her

F.v. Anna Klara Måseide, Ulstein Næringsforum, Sissel Ødegård, Herøy Næringsforum, Anne-Britt Aambø Hallaråker, Ørsta Næringskontor, Roar Vikene, Volda Næringsforum og Monica Cecilie Torp, Ulstein kommune stilte på stand under Bli med hit i Oslo i 2023.

Informasjon og påmelding til Bli med hit! i Oslo her.

Kva kan di bedrift tilby? Foto: Ørsta Næringskontor

Før messa opna var det foredrag for bedriftene. Foto: Ørsta Næringskontor

Mange matnyttinge foredrag. Foto: Ørsta Næringskontor

Frå messeområdet Foto: Ørsta Næringskontor

Forrige
Forrige

NÆRINGSTEFT-frå idè til verklegheit

Neste
Neste

Ørsta Næringskontor søkjer etter ny dagleg leiar