Ørsta Næringskontor søkjer etter ny dagleg leiar

Er du samfunnsengasjert, glad i å organisere og har eit stort kontaktnett? Då er kanskje du den nye daglege leiaren for Ørsta Næringskontor!

 Stiftinga Ørsta Næringskontor jobbar for å utvikle det lokale næringslivet. Med dagleg leiar i spissen skal ein legge til rette for nyetablerarar, vere brubyggar og stimulere til utvikling av allereie etablerte næringsverksemder. Strategisk utvikling av næringslivet skal stå i fokus, og som dagleg leiar skal du vere samlingspunkt, igangsettar, idemakar og prosjektleiar for samlande aktivitet i Ørsta.

 Tenkjer du dette kan vere noko for deg? For meir informasjon, kontakt styreleiar Odd Staurset på telefon 906 95 583. Søknad sendast odd@staurset.no innan 30.11.23.

Forrige
Forrige

“Bli med hit” Møre og Romsdal

Neste
Neste

LYSFEST