Lars Oscar møtte Venstre

Sist torsdag var Lars Oscar Ødegård på Stortinget og hadde møte med Alfred Bjørlo og leiargruppa i Venstre. Temaet var formuesskatten på arbeidande kapital og dei øydeleggande konsekvensane den påfører norsk næringsliv og norsk eigarskap.

Med på turen var Are Folkestad, Ørsta Venstre, Geir Høydalsvik Reknehuset, Terje Bøe, AS Spilka Industri, Hilde Midthjell, gründer og Annika Brandal, Hareid og Møre og Romsdal Venstre.

På Stortinget møtte dei Venstre-leiar Guri Melby, Alfred Bjørlo, Næringskomiteen for Venstre, Ingvild Wetrhus Thorsvik, medlem justiskomiteen og Robert Vidhammer, Venstre.

Lars Oscar Ødegård konstaterer at det er heilt klart at Venstre-politikarane har forstått utfordringane formueskatten på arbeidande kapital skaper. Alfred Bjørlo har

ved fleire høve den siste tida konfrontert finansminister Trygve Slagsvold Vedum om denne saka utan at Vedum viser forståing for konsekvensane formueskatt på arbeidande kapital har..

Lars Oscar Fossen Øvstegård, Geir Høydalsvik og Terje Bøe representerer bedrifter i Ørsta og Ålesund, og førebur rettssak mot Staten – som dei meiner driv ein skattepolitikk i strid med lovverket. Det er denne tematikken dei no har drøfta med Venstrepolitikarane om. Venstre ønskjer å jobbe for endringar i regelverket.

Når dei møtte stortingspolitikarane frå Venstre, var det også for å bringe frustrasjonen frå alle dei små og mellomstore bedriftene som slit med å betale denne skatten som treff så feil og urettvis i høve om bedrifta går godt eller dårleg. SMB bedriftene utgjer over 90% av norske bedrifter, dei finns i alle lokalmiljø rundt om i landet, og dei står for ei enorm verdiskaping med mange arbeidsplassar og skattekroner. Dei bidreg med sponsing og patriot-kapital inn i alle bygdesamfunn for at frivillige lag og organisasjonar kan oppretthalde gode tilbod for trivsel og bulyst.  

Du kan lese meir om besøket i Møre Nytt (bak betalingsmur).

F.V. Menneskerettsadvokat Mads Andenæs, Terje Bøe, Lars Oscar Fossen og Hilde Midthjell. Foto: Geir Høydalsvik

Forrige
Forrige

Kurs for nyetablerarar og næringsdrivande

Neste
Neste

NÆRINGSTEFT-frå idè til verklegheit