SkaaraBakkane
Overnatting i våningshuset
SkåraBakkane har overnatting i våningshuset, der soveromma er pussa opp og gjort klare for gjestar som ønskjer eit komfortabelt opphald i rolege omgjevnader.
Overnatting i stabbur
I det koselege stabburet kan gjestar nyte ei enkel og naturnær overnatting, tett på landskapet og stilla.
Teltområde
På uteområdet er det gode moglegheiter for telting, for dei som ønskjer å oppleve naturen på nært hald.
Caravanplass
Det er plass til eit avgrensa tal campingvogner og caravanar. Caravanplass må bestillast på førehand.
Overnatting i sel på Skårasætra
SkåraBakkane tilbyr også overnatting i eit renovert sel på Skårasætra, 550 meter over havet. Selet har overnattingsplass for 5 eller fleire personar, med hems med plass til 5 i tillegg til 4 køyar (avdelt).
I stova er det vinkelsofa og salongbord, og det meste av kjøkkenutstyr er tilgjengeleg, inkludert gassbluss. Til oppvarming er det vedomn, og i krypkjellaren er det ubegrensa med ved. Utanfor selet er det utedo, og vatn kan hentast frå elva rett ved.
Setra er velhalden og innbydande, med langbord og sitteplassar ute. Her får gjestene ei ekte seteroppleving, kombinert med flotte moglegheiter for fotturar i fjellet i nærområdet.
Tlf.: +47 905 14 868
Foto: Ingrid J. Høydal