Utviklingsforum vil ha direkterute mellom Hovden og Trondheim

I innspel til høyring om flyrutetilbod for 2024, bed utviklingsforum Hovden om at det blir oppretta ei direkterute mellom Hovden og Trondheim. Eit av argumenta er ei stor breidde i ulike typar reisande mellom destinasjonane.                                                                                                                     

Foto: Widerøe

Innspel til høyring av transportfaglig utredning for regionale ruteflygingar i Sør-Norge og Nord-Norge frå 2024.

Dykkar ref:21/2267-58

 Vi viser også til tidlegare innsedt høyringssvar pr mai 2022 til ny konkurranse om regionale ruteflygingar i Sør-Norge og Nord-Norge frå 1 april 2024.

Utviklingsforum Hovden Lufthamn er ei interessegruppe samansett av representantar frå kommunane, næringslivet, utdannings- og helseinstitusjonar i Ørsta/Volda lufthamn sitt nedslagsfelt. Forumet engasjerer seg i utviklinga av flyplassen, og dei rammevilkåra som blir lagt for den, slik at både næringsliv og samfunnet elles skal ha likeverdige konkurransedyktige forhold. Utviklingsforumet er høyringsinstans for Møre og Romsdal Fylkeskommune i høve luftfart på kortbanenettet.

 

Grunnleggande føresetnader for eit framtidig tenleg flytilbod ved Ørsta Volda lufthamn, Hovden.

Ø  Det er avgjerande viktig at det er 6 stk. daglege direkteruter til/frå Hovden-Oslo, som i dag.

Ø  Det er avgjerande viktig at det er tidlege ruter både for avgang (før 07.00) og ankomst (før 08.30).

Ø  Det er avgjerande viktig å få næringslivsaktørar inn frå Oslo med landing på Hovden om morgonen.

Ø  Det er avgjerande viktig at flya har ein minimum setekapasitet på 39 og at flya har trykkabin.

Ø  Det er viktig at prisnivået blir redusert på kortbanenettet.

Ø  Det er ønskeleg å auke frå to til fire daglege ruter Hovden – Bergen

Ø  Det er ikkje eit tilfredsstillande kollektivtilbod frå Søre Sunnmøre til Trondheim. Det er ønskeleg med to daglege fly- avgangar til Trondheim.

Ø  For å stadig betre regulariteten må det vere ein føresetnad at operatøren kan nytte seg av moderne og avansert satelittbasert innflyging, Det bør takast høgde for utstyrsinvesteringar for operatøren i anbodsutlysinga.

 

Møre og Romsdal er eksportfylke nr 1. Hovden lufthamn har ca 60% av trafikken frå Næringslivet, dette er med å sikre lufthamna og gir verdiskaping for næringane og befolkninga. Nedslagfeltet til Ørsta/Volda lufthamn Hovden ligg i ei randsone, og tilgjenge til sentrale strok og kommunikasjons-hubber er vesentleg , det styrker tilbod, konkurransekraft og verdiskaping.     

                      

Makspris som verkemiddel.

I den transportfaglege utredninga er det diskutert korleis ein auke i makspris kan påverke å forskyve/redusere etterspørselen på enkelte avganger. Dette verkemiddelet vil vi på det sterkaste fraråde då maks-prisane pr dags dato allereide er på smertepunktet av det forsvarlege. Det vil føre til forskjellsbehandling og konkurransevridning for dei som bur i distrikta og er avhengig av kortbanenettet. Denne prisgrensa/tålegrensa fekk vi testa når dei kommersielle rutene vart innførd ei periode frå 2016, og prisane steig med ca 10% og trafikken gikk ned med 30% både frå næringslivkundar og privatkundar.

Bergen - Trondheim                                                                                                                                                  Rapporten diskuterer også om ruta til Trondheim kan etablerast i staden for Bergen då med bakgrunn om det vil auke transportstandarden, her er det ikkje enten eller.  Vår kommentar er at betydninga av ny Trondheims-rute vil auke transportstandarden ved at ein får tilgang til universitetssjukehus innen krava om tidspunkt for oppmøte, før kl. 10.00. Dette er også til regionens sjukehus for spesialisthelsetjeneste.                                                                                                     Flysambandet til Bergen har ein heilt annan funksjon som reisemål, her er det ruter tilpassa oljerelatert næring på norsk sokkel med mannskapsbytte for installasjonar frå Bergen og sørover til Stavanger. Dette er ei rute som gjennom mange år har serva ei viktig næring langs norskekysten. Ved at det også er ei satsnig på fleire internasjonale flygingar frå Flesland så vil denne ruta styrke sin posisjon.                                                                                                                                                                      I vedlegg F. til rapporten ser vi at ruta Hovden- Bergen er pressa på belegg. Ein  auke til fire daglege flygingar mellom Hovden og Bergen vil gi sambandet ein meir fleksibel kapasitet og nytteverdi for region Søre Sunnmøre.

 

Flytilbod til Trondheim er sterkt sakna

Den transportfaglege rapporten diskuterer Trondheimsruta og ser at det kan vere positive effektar av denne for regionen.                                                                                                                                                                           Dei siste 10 åra har det stadig vore etterspurd ei rute mellom Hovden og Trondheim. Det spesielle ved etterspøslane er at det ikkje er nødvendigvis ei spesifikk kundegruppe, men eit svært samfunnsmessig breidde i henvendelsane. Dette har nok sitt utgangspunkt i at vårt distrikt er relatert til Trondheim når det gjeld regionsjukehus og faglege tenester/institusjoner tilknytt helse- kommune- og utdanningssektoren. ST. Olavs i Trondheim er Sunnmøre sitt regionsjukehus for spesialisthelsetenester samstundes som det også er hovudadministrasjon for Helse Midt Norge. Volda Sjukehus har eit tett samarbeid med St. Olavs i høve pasientbehandling, tilsette og administrasjon.                                                                                                                     Utdanningsmiljø/institusjonar på Sunnmøre henvender seg i stor grad til fagmiljø og utdanning ved NTNU, særleg då frå Høgskulemiljøet i Volda. Reisande knytt til utdanningsmiljø i regionen som studentar og foredragshaldarar utgjer også ein stabil trafikk gjennom året

Søre Sunnmøre har stor aktivitet knytt til marine og maritime næringar, desse etterspør ein meir rasjonell/effektivt logistisk nordover til fagmiljø i Trondheim, men også ein vidare kommunikasjon til Nord Norge. Her kan det vere behov for bedre logistikk i høve mannskapsbytte for olje- og fiskerinæring. Turisme er ei vekst-næring i vår region, og detinasjon Ørsta/Volda og Sunnmørsalpane er eit attraktivt reisemål.

Vi har gjort ein del undersøkingar mot helseforetaket Helse Møre og Romsdal pasientreiser. Ein ser at denne type reiser er stabil gjennom heile året. Til desse  reisande er det naturleg også knytt mange pårørande-reiser, og reiser for etterkontrollar.                                            

 Vi estimerer nøkternt anslag på årleg reisande til Trondheim vil vere ca 22 000 passasjerer.  Eit hensiktsmessig tilbud vil då vere 2 turer/dag. Dette gir med ein 39 seters Dash ca 40 000 seter og ein gjennomsnitts utnyttelse på 55%. Vi anser det som hensiktsmessig at ein ikkje inkluderer helg i ei foreløpig rute.

Trondheim vil også fungere som ein hub for reisande frå Søre Sunnmøre som skal vidare nordover i landet uansett føremål med reisa. I dag er reisemåten nordover, frå vårt distrikt, via Ålesund, Oslo eller Bergen og gjerne da med lang ventetid. Det er svært belastande for dei som er i pasientkategorien, og som gjerne er svært sårbare for belastningar ved å måtte nytte kollektivtilbud. Ei direkterute vil også redusere miljøavtrykket vesentleg i forhold til det tilbodet som er i dag.

Hovden  - Trondheim er ei rute som bør prøvast ut som FOT-rute, da den vil oppfylle krava for dei nasjonale transportstandardkriteria, og gir eit akseptabelt tilbod til resiande på Nordvestlandet der det i dag ikkje er tilfredsstillande kollektivtilbod verken på veg, luft eller bane. Denne ruta vil tilfredsstille kravet om å nå universitetsjukehuset før kl.10.00, det har vi ikkje mulegheit til i dag. Tilbodet vil ha stor betydning relatert til reisetid, reisekostnader, drivstoffutgifter, bompenger osv. Vurderinga av dei generaliserte reisekostnadane gir ein peikepinn på den samfunnsøkonomiske gevinsten av ei FOT-rute til Trondheim, frå Hovden Lufthamn sitt nedslagsfelt med 70.000 menneske.

 

Lovnader frå den nye regjeringa oktober 2021, i flg. Hurdalsplattforma:

Ø  Ta initiativ til å erstatte dagens flypassasjeravgift med en avgift som har reell klimaeffekt og bedre geografisk profil, slik at distriktsarbeidsplasser og rutetilbud ikke rammes urimelig slik som nå.

Ø  Sikre lavere priser og flere avganger på kortbanenettet. Målet er en halvering av prisene på FOT-rutene

Ø  At staten skal ha ansvaret for FOT-rutene.

Ø  Opprettholde et godt, desentralisert nett med kortbaneflyplasser og sørge for at disse brukes i arbeid med elektrifisering av luftfarten, blant annet gjennom et program for teknologiutvikling.

Desse klare målsettingane frå sittande regjering forventar vi blir følgt opp, det vil bygge opp under det allereide veletablerte kortbanenettet, og gi distrikts-Norge ein akseptabel transportstandard.

Med vennleg helsing                                                                                                                               

Ørsta Næringskontor                                              Maritim foreining Søre Sunnmøre                                                                                                   

Odd Magne Vinjevoll                                               Jan Tormodsæter  

Utviklingsforum Hovden Lufthamn                                                                                                                 Sekr.


Forrige
Forrige

Grunnrenteskatt på havbruk

Neste
Neste

Annalyn Mårstøl har opna systove og frisørsalong