Annalyn Mårstøl har opna systove og frisørsalong

Allereie før Annalyn opna dørene til den nye bedrifta si i Vikegata 18 i november, var ho i full sving med å designe og reparere møblar for å ha noko å vise til når den nye bedrifta skulle opne. Men ho starta ikkje berre med eit fag. I eit og same lokale har ho også opna frisørsalong.

Den 1. november starta Annalyn Mårstøl opp bedriftene Annalyn sydame og Annalyn frisør. Den kreative dama er opprinneleg frå Fillippinene. Bestemora hennar var sydame, og det var med henne Annalyn lærte å sy klede. Om du viser henne eit bilete av noko du ønsker å få sydd så fiksar ho det.

Eksmannen hennar på Fillippinene lærte henne å trekke om, reparere og redesigne møblar. Dette er eit yrke ho elskar! Annalyn oppdaga tidleg sine kreative talent på fleire plan, og ho starta allereie i 9-årsalderen å klippe håret til slekt og vener. Etterkvart utdanna ho seg innanfor frisørfaget. Dette arbeidde ho med i 2 år i Saudi Arabia.

Då ho fekk opphaldstillatelse i Norge opna ho frisørsalong i Volda. Denne dreiv ho i eit år og opparbeida seg mange nøgde kundar. Då ho fekk tilbod om å arbeide med å trekke oppatt møblar, slo ho til på det. Dette er det ho trivast aller best med, men etter at det firmaet ho arbeidde i gjekk over ende valgte ho no å starte for seg sjølv og då likegodt med både innan frisøryrket, saum i tillegg til oppussing og design av møblar.

No er ho i full gang med å ta unna alle bestillingane ho har fått inn. Etterkvart er også planen at ho skal ta på seg bunadsaum, når ho får kursa seg i faget.

Annalyn framfor nokre av kjolane som skal justerast. Foto: ØNK

Oppdraga står i kø for Annalyn sydame. Foto: ØNK

I frisørsalongen. Foto: ØNK

Møbeltapetsering utført av Annalyn. Foto: Privat

Eit prosjekt som Annalyn har laga frå botnet. Foto: Privat

Forrige
Forrige

Utviklingsforum vil ha direkterute mellom Hovden og Trondheim

Neste
Neste

Aquagen sitt nye fullsyklusanlegg står klart