🎄 Julemarknad med tradisjonar og ekte juleglede i Samundegarden
Når jula nærmar seg, inviterer Samundegarden til ein stemningsfull julemarknad der gode tradisjonar, lokalmat og ekte handverk står i sentrum.
Her kan du sikre deg julemat, julegåver og kanskje få deg ei smaksprøve eller to. På marknaden møter du utstillarar som tek vare på mattradisjonane.
Der får du oppleve mangfaldet av lokale produkt, finne noko godt til julebordet og kanskje ei heilt spesiell gåve til nokon du er glad i.
Ta turen innom Samundeagarden i Bjørdalen og kjenn på julestemninga og nyt ei førjulsoppleving der både kvalitet, tradisjonar og lokale kvalitetsprodukt står i høgsetet.
Odd Bjarne, Rehab og dei andre utstillarane ønskjer velkomen til ei triveleg førjulsstund i Samundegarden!