Sagafjord Hotel

Velkomen til Sagafjord hotel ved den vakre og ville Hjørundfjorden, det vesle hotellet for dei store opplevingane mellom bratte fjell og kvasse tindar.

«Koseleg, intimt og avstressande, beint fram ein god stad å vere.» Det seier gjestene om hotellet her på den intime tettstaden Sæbø ved Hjørundfjorden på Søre Sunnmøre.

Hotellet har til saman 35 komfortable rom og suitar. Alle er laga for å gi gjestene ei god natts søvn og glede ved å vakne utkvilt og klar for ein ny dag. Nokre rom er i hovudhuset, andre i dei små bygningane kring om på tunet. Ingen rom er heilt like. Det er ein del av hotellet si sjel.

Konferanserom
Hotellet høver godt til møte, kurs og konferansar med inntil 90 deltakar. Med to lyse, velutstyrte møterom, gode serveringsfasilitetar og aktivitetstilbod basert på lokal natur og lokalt særpreg er alt på plass. Her finn ein arbeidsro. Her kan ein dyrke fellesskap til gjensidig glede.

Restaurant
Menyen på Sagafjord hotel fylgjer årstidene og skal så langt det let seg gjere, stå i stil med utsikta frå restauranten. Kjøkensjefen satsar på lokale råvarer av fyrste klasse frå sjø og land og veit når godsakene er å finne. Til god mat høyrer også eit godt utval gode vinar, og naturlegvis godt, lokalt øl frå fjordane ikring.

For opningstider for restaurant, sjå heimesida til hotellet, dei vil variere etter sesong.

Gjestehamn
Sagafjord Hotel har også båthamn, Sagafjord gjestehamn. Marinaen er ei av dei finaste gjestehamnene langs kysten. Vatn, straum og internett er sjølvsagt inkludert i hamneavgifta.

Marinaen har 35 gjesteplassar med ei djupne på mellom 1,40 og 10 meter. Båtgjestar har tilgong til ferskvatn, landstraum, Wi-Fi, søppelcontainer og moderne sanitæranlegg med dusj, WC, vaskemaskin og tørketrommel.

Fylling av diesel kan gjerast etter avtale med hotellet. Der kan ein også få isbitar. Området er tilrettelagt for rørslehemma. Kort veg til bankautomat, bensin, daglegvare, kiosk, leikeplass, parkering og postkontor.

Badstove
Ved fjordkanten ligg ROA Badstue, ei elektrisk oppvarma fjordbadstove med utsikt mot Sunnmørsalpane. Her kan ein oppleve ro, stillheit og nærleik til naturen i spektakulære omgjevnader. Det blir tilrådd å dusje eller ta eit bad i fjorden før bruk. Badstova kan kombinerast med fjelltur, båtliv eller eit måltid på hotellet.

Tlf.: +47 700 49 500

Nettstad

Facebook

Instagram

Kart


Forrige
Forrige

Horndøla Camping

Neste
Neste

Steinsvik Fjordhytter