ØRSTAKONFERANSEN – landbruk, lokalmat og reiseliv

Er ein møteplass for aktørar frå landbruket, besøksnæringa, lokalmat- og serveringsbransjen, offentleg sektor og andre engasjerte. Målet er å samle ulike miljø, dele erfaringar og skape nye idear, samarbeid og utvikling.

Ørsta kulturhus

Fredag 30. oktober

På Scena:

Solveig Kloppen

Programleiar

Ida Kleppe

Lundemannsverk Gard

Ida Kleppe driv Lundemannsverk gard på Stord saman med mannen. Dei har bygd opp eit økologisk bruk med frukt, grønsaker, bær og egg som dei sel frå eigen gardsbutikk. I TV-serien «Draumen om eit småbruk» får vi følgje korleis dei har forvandla eit nedlagt og attgrodd småbruk til ein levande og allsidig gard.

Foto: Lundemannsverk

Solveig er ein av Noregs mest profilerte programleiarar, med lang erfaring frå TV, radio og scene. Ho er kjend frå program som «Idol», «Norske Talenter», «En kveld hos Kloppen», «Solveig og Johns dolce villa» og «Alle mot alle». Med ein lun og uhøgtideleg stil skaper ho god stemning og nærleik til publikum.

Foto: Privat

Olav Fjellheim Kvipt

Kvipt Gjestagard

Torunn Dyrkorn

Visit Nordvest

Olav Kvipt er 23. generasjon på fjellgarden Kvipt i Birtedalen i Fyresdal, som har vore i familien i om lag 600 år. Her driv han gjestegard med overnatting, mat og kultur, og held gamle tradisjonar levande. Han vart kjend for eit større publikum gjennom NRK-serien «Olav på Kvipt».

Foto: Tor Sivertstøl

Torunn er marknadsdirektør i Visit Northwest og har lang erfaring frå reiselivsnæringa på Nordvestlandet. Ho var tidlegare reiselivssjef i Visit Nordvest og har arbeidd med utvikling av destinasjonar og reiseliv i regionen. I dag arbeider ho med strategi, samarbeid og verdiskaping i reiselivet.

Foto: Eline Karlsdatter Fladseth

Eivind Kandal

Sølvane Gard

Eivind er odelsgut og eigar av Sølvane Gard i Kandal i Gloppen. Han er utdanna operasongar frå Operahøgskolen i Oslo og Operaakademiet i København. Saman med Torstein Kollevåg har han utvikla familiegarden med satsing på lokalmat, reiseliv, kultur, arrangement og overnatting.

Foto: Stian Broch

Torstein Kollevåg

Sølvane Gard

Geir Inge Lien

Stortingsrepresentant M og R SP

Geir Inge er stortingsrepresentant for Møre og Romsdal for Senterpartiet. Han er utdanna agronom og har lang politisk erfaring, mellom anna som ordførar i Vestnes. Med bakgrunn frå både landbruk og lokalpolitikk har han god kjennskap til utfordringar og moglegheiter i distrikta.

Foto: Stortinget

Vidar er kjøkkensjef og medeigar i Brør bar & bistro i Volda. Han har erfaring frå topprestaurantar i Oslo, mellom anna Stallen og Bokbacka. Sidan 2021 har han vore med på å utvikle Brør med kvalitetsmat, norske råvarer og eit tydeleg lokalt fokus, med mål om gode matopplevingar frå regionen.

Foto: Johnny Jaswe Hyunh

Oddvar Vignes

Rogaland Bondelag

Vingsnes er rådgjevar i Rogaland Bondelag. Han er ein rutinert føredragshaldar og forfattar av den kritikkarroste boka "Sjølvmordsforsøket". Til dagleg driv han heimgarden på Finnøy utanfor Stavanger, saman med kona og to born. Med ein oppvekst på gard, formidlar han kunnskap med både alvor, og humor.

Foto: Jan Inge Haga/ Samlaget

Bodil Fjelltveit

Nestleiar- Norges Bondelag

Torstein er dagleg leiar og medeigar av Sølvane Gard i Kandal i Gloppen. Han har over 15 års erfaring frå kulturbransjen og er utdanna innan utøvande fag. Saman med Eivind Kandal har han utvikla garden med satsing på lokalmat, reiseliv, kultur og bygdeutvikling.

Foto: Eivind Kandal

Marianne Lundåsmo

Nestleiar- Norges Bonde- og Småbrukarlag

Marianne er bonde på Tynset og politisk nestleiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Ho er utdanna agronom og agroteknikar og har drive gard med mjølk, ammeku og sau i over 25 år. Lundåsmo har lang erfaring frå landbrukspolitisk arbeid med mjølk, dyrevelferd, klima og velferdsordningar.

Foto: Norsk Bonde- og Småbrukarlag

Line Hildrum

Norges Bondelag

Line er rådgjevar innan HMS i Noregs Bondelag. Ho har utdanning i pedagogikk frå UiO og folkehelsevitskap frå NMBU, der ho skreiv masteroppgåve om psykisk helse i landbruket. Med bakgrunn som sauebonde frå Akershus kombinerer ho fagleg innsikt med erfaringar frå praktisk landbruk.

Foto: Norges Bondelag

Ane Malene Søvik Nygård

Bonde

Ane Malene og Rolf Åge driv Rasmusgarden i Syvde, der dei har valt å satse vidare på det tradisjonsrike mjølkebruket. Ane Malene er leiar i Vanylven Bondelag og har full jobb utanom garden. Med nytt lausdriftsfjøs, mjølkerobot og stor eigeninnsats utviklar dei garden vidare for framtida.

Foto: Privat

Vidar Gjersdal Våde

Brør bar & bistro

Bodhild er sauebonde i Bergen og 1. nestleiar i Norges Bondelag. Ho har vore bonde sidan 2010 og har bakgrunn frå naturbruk, landbrukssamvirke og organisasjonsarbeid. Gjennom ei årrekkje har ho hatt ei sentral rolle i arbeidet med landbrukspolitikk og utvikling av norsk landbruk.

Foto: Norges Bondelag

Stig Even Lillestøl

Stortingsrepresentant S og Fj. FRP

Stig Even er stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane for Framstegspartiet. Han sit i næringskomiteen på Stortinget, der han arbeider med nærings- og landbrukspolitikk. Gjennom arbeidet i komiteen er han tett på saker som gjeld rammevilkår, verdiskaping og framtida for norsk landbruk.

Foto: Stortinget

PROGRAM


Innsjekking

kl 09.00


kl 09.30

Velkomen v/ ordførar Per Are Sørheim


Kl 09.35

Helsing med Hovedsponsor Sparebanken Møre


Kl 09.40-10.05

Psykt god bonde. Sterk åleine, sterkare saman.

V/Line Hildrum og Oddvar Vignes


10.10-10.50

Korleis få auka matproduksjon i landbruket og kva skjer med Tine Meieri i Ørsta?

Innleiingar og sofasamtale med Bodhild Fjelltveit, Norges Bondelag, Marianne Lundåsmo, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Geir Inge Lien, stortingsrepresentant frå Møre og Romsdal (Sp), og Stig Even Lillestøl (FrP).


Kl 10.50-11.10

Kaffipause

Kl 11.15-11.35

Sunnmøre som mat- og opplevingsregion

V/Torunn Dyrkorn, Visit Northwest.


Kl 13.05-13.15

Musikalsk innslag.


Kl 13.20-13.40

Frå lokale råvarer til magiske opplevingar på Sølvane gard.

V/Torstein Kollevåg og Eivind Kandal.


Kl 12.00-13.00

Lunch



Kl 13.45-14.05

Verd å ta vare på.

V/Ane Malene Søvik Nygård, Rasmusgarden i Syvden.


Kl 14.10-14.30

Frå NRK-serien “ Draumen om eit småbruk” til Lundemannsverk gard.

V/Ida Kleppe.


Kl 14.35-14.55

Kaffipause


Kl 15.00-15.30

Sofasamtale -Nøkkelen til eit blomstrande reiseliv.

V/ Torunn Dyrkorn, Torstein Kallevåg og Olav Fjellheim Kvipt.


Kl 1535 – 1600

På ein gard der ingen skulle tru at nokon kunne bu driv Olav gjestegard med mat, kultur og opplevingar.

V/Olav Fjellheim Kvipt frå NRK-serien “Olav på Kvipt”.


Programkomiteen:

Liv Bente Viddal - landbruk

Vivian Ose Flø - reiserliv

Odd Bjarne Bjørdal - landbruk / lokalmat

Vegard Lystad - landbruk

Knut Hustad - landbruk

Vebjørn Berg Hansen - landbruk/ lokalmat

Stig Tryggestad - bank/sponsor

Mariann Øye - reiseliv

Sigrun Heltne Vartdal - næringsliv

Anne-Britt Aambø Hallaråker - næringsliv



11.40-11.55

Brør - frå restaurantidè til lokal suksess.

V/Vidar Gjersdal Vaade, kokk og medeigar i Brør bar & bistro.

NB! Det kan bli justeringar i tidsplan.

ØRSTAKONFERANSEN

Landbruk - Lokalmat - Reiseliv

Ørsta kulturhus 16. januar 2026

🌿 Ørstakonferansen

Landbruk, Lokalmat og Reiseliv

Ein møteplass for framtida for bygdenæringar i Møre og Romsdal

Vi har vidareutvikla Ørstakonferansen til å bli ein møteplass der bønder, lokalmatprodusentar, reiselivsaktørar, næringsliv og offentlege aktørar møtest for å dele kunnskap, bygge nettverk og finne nye løysingar for berekraftig vekst i bygdenæringane.

Konferansen har som mål å styrke, gje inspirasjon og verktøy til å:

  • utvikle nye produkt og opplevingar

  • nå nye marknader og kundar

  • samarbeide om distribusjon, synlegheit og merkevarebygging

  • styrke bærekraft og mattryggleik i distrikta

Ørstakonferansen vert arrangert i samarbeid mellom Ørsta Bondelag, Volda Ørsta Bonde- og Småbrukarlag, Landbrukskontoret, engasjerte bønder og reiselivsaktørar, Ørsta Næringskontor og sponsorar – med ambisjon om å bli den leiande møteplassen for landbruk, lokalmat og reiseliv i Møre og Romsdal og Nordfjord.

Konferansier Eli Kari Gjengedal

Eli Kari Gjengedal er kjend som ein av TV 2 sine mest populære nyheits- og vêrformidlarar. Med sin varme, humor og ekte engasjement, har ho i mange år vore eit kjent og kjært ansikt på norske TV-skjermer. Ho er utdanna akvaingeniør, men fann tidleg vegen til media og kommunikasjon, der ho har markert seg som ei tydeleg, folkeleg og formidlingssterk stemme.

Eli Kari vart tildelt Kringkastingsprisen i 2018 for å bruke dialekten sin og formidle på ein naturleg og nær måte – noko som har gjort henne til eit førebilete for mange. Ho er i dag ein ettertrakta programleiar, konferansier og inspirasjonsformidlar.

Under konferansen vil Eli Kari ikkje berre lose oss trygt gjennom programmet, men òg dele av eigen kunnskap om verteikn – slik berre ho kan. Med glimt i auget og plenty med energi - vil ho sørge for god stemning og fagleg inspirasjon frå start til slutt.

Føredragshaldarar

  • Kristin Krohn Devold

    Administrerande direktør NHO reiseliv

    Devold har ei lang og variert erfaring frå politikk og reiseliv. Ho har vore adm. dir. sidan 2013. Før det leia ho Den Norske Turistforening som generalsekretær i åtte år. Devold sat på Stortinget frå 1993 til 2005, og var forsvarsminister i Bondevik II-regjeringa.

  • Arne Brimi

    KOKK

    Brimi er kjend for sitt sterke engasjement for norsk mattradisjon. Han driv Vianvang, og er formidlar av mat, kultur og historie i nærkontakt med naturen. Brimi har fått fleire prisar og er kjend for sin varme, jordnære væremåte og filosofi om mat i balanse med naturen.

  • Tor Kristian Stevik

    DAGLEG LEIAR MATTORGET

    Stevik er brennande engasjert i utviklinga av ei rettferdig og berekraftig matverdikjede, sjølvforsyning, norsk matproduksjon og lokalmat. Han var involvert i prosjektet Volda kommune hadde om innkjøp av lokalmat. Stevik driv Mattorget – eit alternativ til daglegvarekjedene. Mattorget sel berre mat og drikke, og har fokus på norske og sunne råvarer – så direkte frå produsenten som mogleg.

  • Vivian Fjeldstad Nydal

    NYDAL MARKETING

    Vivian hjelper verksemder med med merkevarebygging og innhaldsmarknadsføring med engasjerande historieforteljing på sosiale media. Ho har tidlegare jobba i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre og Visit Nordvest.

  • Harald Strømmegjerde

    DAGLEG LEIAR BRENNEVINSGROVA

    Strømmegjerde produserer handverksgin, akevitt og whisky. Han har fått bedriftsutviklingsprisen i landbruket frå Innovasjon Norge. Prisen anerkjenner bedrifta sin innsats innan merkevarebygging, innovasjon og lokal verdiskaping. No har han planta 600 epletre attom Nøva.

  • Nora Sandberg

    MJØLKEBONDE OG “FJØSFLUENCER”

    Nora Sandberg Bonde driv Kåtorp Gård med kring 90 mjølkekyr. Ho byggjer no draumefjøset, produserer korn og gras og deler daglegdagse gjeremål på instagram. Ho har bachelorutdanning i husdyrvitskap frå NMBU på Ås.

  • Jan Ivar Botnan

    TIDLEGARE FORSKNINGSSJEF FFI

    Jan Ivar har jobba i FFI i over 45 år i ulike stillingar. Han har ei omfattande erfaring og innsikt innan forsvarsforskning og sikkerheitspolitikk. Dette har gjort han til ei viktig stemme i diskusjonar på feltet - sjølv etter at han gjekk av med pensjon.

  • Frank Madsøy

    OMRÅDEDIREKTØR STATSFORVALTAREN I M OG R

    Som områdedirektør for «Berekraftig naturbruk» har Madsøy eit overordna ansvar for seksjonen som handterer m.a. naturforvaltning, landbruk, forurening, plan og klima m.m., innan fylkesområdet.

  • Anders Riise

    FYLKESORDFØRAR I MØRE OG ROMSDAL

    Anders Riise (Høyre) vart valt som fylkesordførar i Møre og Romsdal i 2023. Som fylkesordførar har han ansvar for å sette beredskap og tryggleik på den politiske dagsorden.

Sofapraten

*

Sofapraten *

LOKALMAT, BEREDSKAP OG SAMARBEID

Korleis kan vi styrke norsk matberedskap – og samstundes bidra til bærekraft, inkludering og lokal verdiskaping?

Målsetjing:

Gjennom pilotprosjektet i Volda, som handla om offentlege innkjøp av lokalmat, har Tor Kristian Stevik og lokale aktørar undersøkt korleis samarbeid og innkjøpsordningar kan stimulere til meir lokal matproduksjon. Erfaringane viser behov for nasjonal og regional støtte til modellar som gjer det mogleg å handle meir lokalt.
Hovudmålet med prosjektet var å styrkje mattryggleik og berekraft gjennom smartere bruk av offentlege innkjøp.

Program 2026

Tusen takk til sponsorane våre: