Frå tare til tind
Velkomen til hjartet av sunnmørsalpane. Her ventar spektakulære opplevingar, ekte lokalmat og aktivitetar for heile familien. Start eventyret ditt med eit besøk i Ørsta og Volda.
From fjord to peak
English
Welcome to the heart of the Sunnmøre Alps. Here, spectacular experiences, authentic local food, and activities for the whole family await. Start your adventure with a visit to Ørsta and Volda.
Deutch
Willkommen im Herzen der Sunnmörer Alpen. Hier erwarten Sie spektakuläre Naturerlebnisse, authentische regionale Spezialitäten und Aktivitäten für die ganze Familie. Beginnen Sie Ihr Abenteuer mit einem Besuch in Ørsta und Volda.
4 gode grunnar til å besøke oss
Natur, kultur og dei gode opplevingane står i kø når du besøker Ørsta/Volda. For familiar finn du flust av aktivitetar, og for deg som ønsker naturopplevingar er dette "Mekka"!
Natur
1
I Ørsta/Volda blir du omslutta av vakker natur frå alle kantar. Sjøen, fjella, eit uttal med turstiar og gapahukar der du kan nyte brødskiva eller grille pølser før du inntek zen-modus i medbrakt hengekøye.
Kultur og matkultur
2
Her kan du meske deg med kortreist og lokalprodusert mat og drikke i omgjevnader med minner frå svunnen tid. Området byd også på alt frå museum og gamle båtbyggjartradisjonar til musikkfestivalar i ulike sjangrar.
Familieopplevingar
3
Aktivitetsparkar, ridesenter, pumptrackbaner, båttur, leige båt eller på vinterstida besøke eit av dei flotte skisentera i området. For dyreglade er gardsferie eit alternativ der du kan bu tett på dyra og plukke egg til frukosten.
Alpine fjelltoppar
4
Sunnmørsalpane overgår det meste av fjelltoppar, og er i ei klasse for seg sjølv. For deg som er toppturentusiast er dette paradis! Det er alltids ein ny fjelltopp å bestige, sommar som vinter.