Kva skjer i ØrstaVolda?
What’s happening in Ørsta/Volda?
Festspela
Festivalen Festspela har sidan 1992 vore ei årleg feiring av nynorsk språk og kultur. Under Festspela får du møte aktuelle forfattarar, artistar og fagfolk. Du får oppleve konsertar, teater, litteratur, og kunst.
Foto: Maria Kleppe Vihovde / Cappelen Damm
Indiefjord
Indiefjord er ein liten og unik indiepopfestival ved vakre Hjørundfjorden, omgitt av Sunnmørsalpane. Festivalen samlar artistar og publikum frå heile verda til to dagar med musikk, fjordstemning og ekte festivalmagi.
Sommarljom
Sommarljom er ein årleg musikkfestival i Volda som samlar artistar frå sjangarar som folkemusikk, jazz, klassisk, pop, electronica og country. Publikum får oppleve variert musikk av høg kvalitet i intime og unike lokale.
Idea Exchange
An interactive session for makers and thinkers to collaborate, connect, and spark new ideas.
X2 FESTIVALEN 2027
X, 21 år med ekstremsport!
X2-festivalen samlar kvart år ekstremsportutøvarar, eventyrarar og publikum i hjartet av Sunnmørsalpane. Det som starta som ein liten randoneekonkurranse opp to fjell, har utvikla seg til ein av dei mest unike ekstremsportfestivalane i landet.
Les meir her