Nye, moderne kontorlokale til leige - ferdig møblert.
Adresse: Torvmyrane 21, 6160 Hovdebygda.
Areal
250–800 m²
Tomt
Eigd
Byggeår
2022
Type lokale
Kontor
Skildring
Kontorlokala framstår som lyse og moderne, med cellekontor i varierande storleik, møterom og moglegheit for tilknyting til kantine med møteromsfasilitetar. Lokala blir leigde ut ferdig møblerte med moderne møblar frå Fora Form.
Innhald
Den delen av bygget som blir leigd ut er eit tilbygg ferdigstilt i 2022. Dette omfattar kontorlokale i 2. og 3. etasje, med tilgang til felles kantine og stort møterom i 1. etasje.
Det er plass til opptil 31 kontorarbeidsplassar, og lokala kan delast opp etter behov.
Standard
Kontorlokala held ein moderne og god standard, i tråd med ferdigstillinga i 2022. Vindauge langs heile fasaden gjer lokala lyse og trivelege. Også innvendig mot gangareal og fellesområde er det nytta glasmodular som gir eit ope og lett uttrykk.
Det er montert systemhimling med integrert belysning og ventilasjon. På golva er det lagt teppefliser for å dempe lyd.
Det er innbydande toalett i tilknyting til lokala, med flislagde veggar og golvbelegg. Frå 3. etasje er det utgang til ei stor terrasse som kan nyttast i sommarhalvåret.
Plassering
Torvmyrane ligg i Hovdebygda i Ørsta kommune, sentralt plassert mellom tettstadene Ørsta og Volda. Området har fleire viktige verksemder og funksjonar for regionen, mellom anna flyplass og Eiksundsambandet, som knyter saman indre og ytre delar av Søre Sunnmøre.
Området er eit kollektivknutepunkt med samband mot Ulstein, Herøy, Ålesund og Volda. Over 60 000 innbyggjarar bur innanfor ein times køyretur.
Bygget ligg like sør for rullebana ved Ørsta–Volda lufthamn Hovden, og det er mange verksemder i nærleiken. Det er om lag 4,5 km til Ørsta sentrum og 7 km til Volda.
Tilkomst
Enkel tilkomst frå E39 til næringsområdet på Hovden. Ta av til høgre mot Torvmyrane og følg vegen langs rullebana til bygget ligg på venstre side.
Sjå annonse her
Kontakt: Odd-Arild Støbakk Sæther, næringsmeklar tlf 90 08 83 80,
eller
Bjørn-Erik Fosseide, eigedomsrådgjevar næring: tlf 46 42 38 50.