Buss

Ørsta og Volda har eit godt busstilbod med hyppige avgangar mellom tettstadene og vidare til bygder og reisemål i regionen. Fleire av dei lokale bussane korresponderer med flyavgangane ved Ørsta Volda lufthamn, Hovden, og gjer det enkelt å reise vidare utan bil. Nokre av avgangane på FRAM Ekspress køyrer òg innom flyplassen. FRAM Reiseplanleggjar

Med ekspressbuss kan du reise direkte til mellom anna Ålesund, Molde, Kristiansund, Trondheim, Bergen og Oslo. Rutetider og billettar finn du i FRAM Reise-appen eller i reiseplanleggaren på FRAM og hos Vy.

 

Foto: Håvard Myklebust

Forrige
Forrige

Fly

Neste
Neste

Ferje