Brudavolltunet
Brudavollen - Ørsta bygdetun er eit autentisk gardstun som ligg solrikt og idyllisk til høgt oppe i dalsida i Ørsta kommune. Både bygningar og landskap har høg kulturhistorisk verdi, og fortel om levemåten i det gamle bondesamfunnet.
Eldste delen av bygningane er frå 1600-talet. Hageanlegget vart etablert kring 1830, og var til inspirasjon for hagedyrkinga i distriktet utover 1800-talet.
Brudavolltunet har også eit moderne administrasjonsbygg med kjøken, internett og selskapslokale til utleige. Ørsta bygdemuseumslag er aktive frivillige på tunet. Brudavolltunet er ein del av regionmuseet Viti.
Tlf.: +47 702 39 000
Foto 1: Tind Media, foto 2 og 3: Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, foto 4: , foto 6: Ingvil E. Grimstad
Foto: ØNK
Foto: Ingvil E. Grimstad
Foto: Ingvil E. Grimstad