Skaarabakkane

SkåraBakkane er ein pub/eteplass lokalisert der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Ja for på Skår er det berre 2 fastbuande og kan såleis skilte med å vere den minste bygda i regionen vår som har eigen pub. For å kome til Skår må ein førehandstinge ferje, noko som gjev staden eit eksotisk preg.

Frå den store terassen som er bygd inntil den ominnreidde løda, kan ein nyte den mest makelause utsikta i heile Hjørundfjorden.

Utanom den flotte utsikta, kan ein få pirra sjølv den mest kresne gane. Her kan ein nyte kortreiste spesialitetar som spekeskinke og hjortemør som er tilbereidde på staden og med fylgje av heimebaka flatbrød. Ein forrett med heimerøyka laks og kanskje Bacalao som hovudrett? På dessertmenyen vil du finne vaniljeis med bær toppa med heimelaga granbarsirup og eit lett dryss av granbarsalt. Om du kjem innom i førjuls-sesongen kan du bestille heimelaga smalahåve. Her kan ein få prøve 3 ulike oppskrifter, både frå Voss og Sunnmøre, den eine varianten er speka smalahove. Målsetnaden er å kunne produsere og lage det meste av maten på Skaar.

Til lukka lag kan kokken lage det meste.

Tlf.: +47 905 14 868

Google maps

Nettstad

Facebook

Instagram

Forrige
Forrige

Willy`s Gourmet