Vi søkjer etter ny dagleg leiar ved Ørsta Næringskontor

Ønsker du deg ein jobb som du i stor grad kan forme sjølv? Dette er ei interessant og variert stilling der du får eit unikt høve til å påverke nærings- og samfunnsutviklinga i Ørsta.

Det er ein fordel om du:

·       har gode samarbeidsevner og er ein nettverksbyggar

·       er initiativrik og kreativ

·       har interesse for næringsliv, samferdselsutvikling og offentlege avgjerdsprosessar

·       har erfaring innan administrasjon, økonomistyring, prosjektering, næringsutvikling og kommunikasjon

Arbeidsoppgåver

·       Saksbehandling for søknader i ulike etablerarsaker

·       Pådrivar for samfunnsutvikling og næringsarbeid

·       Nettverks- og relasjonsbygging

·       Rådgjeving innan forretningsutvikling, entreprenørskap og dialog med næringslivet

·       Brubyggjar mellom lokalsamfunn, næringsliv, utdanning, kommune, og næringslivsforeiningar på Søre Sunnmøre.

 

Søknadsfrist: 31. mars

Spørsmål kan rettast til Odd Staurset tlf. 906 95 583

E-post: odd@staurset.no

 

Forrige
Forrige

Skattedebatt på Næringskonferansen

Neste
Neste

Kurs for nyetablerarar og næringsdrivande